Så har han vore ute med kjeften sin igjen, den lokale rikssynsaren på Nord-Noreg, Tromsøværingen Barlindhaug. Og massemedia heng seg på, uansett kor ”dumt” og lite gjennomtenkt det han seier, er. Det siste utspelet hans er å gjere Harstad til hovudstad i Nord-Noreg. No vel, han bruker vel ikkje akkurat dei orda, han snakkar om å gjere byen til det politiske og administrative senteret for region Nord-Noreg, som kan kome til å erstatte dei tre fylkeskommunane frå 2010. Som om det i praksis ikkje er det same som å vere ”hovudstad”? Og tanken blir gripen begjærleg – i Harstad.
Men rett skal vere rett, ikkje alle Harstadværingar er samde. Ordførarkandidat og leiar for den lokale kunnskapsparken i byen ved Andsfjorden, Helge Eriksen, får visstnok hetta når han les om bykamp i Harstad Tidende. Og det gjer han ofte. Han seier det er på tide å avvikle kretsmeisterskapen og samarbeide. Det same sa Fremoverredaktøren her om dagen. I allefall i dette tilfellet, to fornuftige menneske.
Dessverre skjøner ikkje redaktøren i HT dette. Han er vel enno såra og vonbroten over at byen verken blei hovudstad i Lofoten eller fekk eit nytt UNN. Derfor braut han av seg ein kommentar der han blanda inn all verdas (i bokstaveleg forstand) eksempel på at det ikkje alltid er den største byen som bør vere administrasjonssentrum. Najonalt drog han fram Sogn og Fjordane og konkluderer: ”Harstad kan være kandidaten. Skulle det bli noe av å avvikle de 19 fylkene og erstatte dem med en håndfull regioner - og blir det aksept for den lille hovedstaden, ja da kan vi regne med at de melder seg både herfra og derfra.
Hører vi noe fra Narvik?”
Jada, her kjem det. Neida, ikkje noko framlegg om ny krig eller kretsmeisterskap mellom dei to ellers trivelege byane våre. Men ettersom han no kastar glør på eit bål som eg i det lengste hadde håpa var sløkt: Dersom vi absolutt treng eit nytt nivå med hovudstad her nord (og det gjer vi eigenleg ikkje). Legg han til Evenes! Med flyplassen og geografisk plassering er det eit naturleg sentrum. Og så slepp ein den evinnelege lokalpatriotiske maktkampen mellom dei etablerte tettstadene, i første rekkje Harstad, Narvik og Sortland.
Thor Johnsen, Narvik
Lokale nyheter Ikke for sent å sende en hilsen via Fremover på morsdagen.
Sjekk alle hilsnene som er sendt inn så langt her. Les mer
Lokale nyheter En person fraktet til sykehus med helikopter.
Oppdatert: ATV veltet - trolig bare lettere skader Les mer
Lokale nyheter Hoved- og reservevannforsyningen i Beisfjord er frosen. Les mer