...

Sammenliknar industribyane

Ikkje eintydig kva som driv Narvik, Kiruna og Kirkenes framover og kva som held dei attende.

Publisert 11.09.2012 kl 10:07 Oppdatert 11.09.2012 kl 13:59

Tips en venn på e-post:



- Byutvikling er samansette prosessar. Det er ikkje eintydig kva som driv byane framover og kva som held dei attende.

Det seier sosiolog Brynhild Granås, som nyleg disputerte på avhandlinga "Det gjenstridige mangfoldet. Bak slagord og overskrifter i nordlig byutvikling".

Narvik, Kirkenes og Kiruna - like, men ulike

Granås har studert dei tre nordlege byane Narvik, Kiruna og Kirkenes. Det er inga direkte samanlikning - ingen av artiklane i avhandlinga har eit komparativt perspektiv. I Granås' analyse er byane like i den forstand at ho ser dei alle tre i eit postkolonialt perspektiv - dei ligg i og tener framleis ein periferiposisjon i nasjonalstatane sine.

- Medan Kiruna som regel blir rekna for å vera ein industriby eller gruveby, har både Kirkenes og Narvik vore forstått som nordlege døme på typisk postindustrielle byar - bygde opp og dominerte rundt industriføretak som så har falle, seier Granås.

- Men dei er korkje reine postindustrielle eller industrielle rom, nokon av dei, noko dei tradisjonelle bytopologiane kan gjera oss blinde for. Det ligg store forskingsmessige verdiar i å undersøkje kompleksiteten i byutviklinga, som blir prega av både små og store, lokale og statlege aktørar, seier ho.

- Ta Kirkenes, til dømes, der kunstprosjektet Pikene på broen og Barentssekretariatet er svært ulike aktørar, men som er med og dannar fruktbare alliansar i arbeidet med å gjera Kirkenes til ein grenseby. I motsetnad til Narvik, som i over 100 år har vore ein sjølvstendig bykommune, er Kirkenes framleis prega av at dei lenge var ein såkalla "company town" med ein lite dominerande kommune og med AS Sydvaranger i sentrum.

- I Narvik har kommunen stått sterkt, i hendene på eit tydeleg raudt styre fram til no, medan Kirkenes har opplevd eit meir fragmentarisk maktbilete etter at Sydvaranger fall, fortel Granås.

Staten tar og - og staten gir?

I Kiruna er staten ein sterk aktør.

- Kiruna er vel er den byen i nordområda som har vore utsett for det mest kontinuerlege industrialiseringspresset. Lenge var det "den heldige" av desse tre byane, av di gruvedrifta vart vidareført trass store nedgang i lønsemd og arbeidsplassar på 70- og 80-talet.

- Men no er det annleis. Byen opplever på den eine sida folketalsnedgang, sjølv om arbeidsplassane blir fleire. LKAB er eit statleg eigd kommersielt selskap som for tida tener enormt med pengar, men innbyggjarane opplever at staten ikkje følgjer godt nok opp med finansieringa av det gigantiske prosjektet det er å flytte heile byen så den kjem på trygg grunn over gruvene.

- Og kvar skal dei flytte? Det har vore eit tilbakevendande spørsmål dei siste 50 åra - kva er den beste løysinga for framtida? Slik eg ser det blir situasjonen i Kiruna meir og meir kritisk frå år til år, seier Granås.

Eit oppgjer med den gjenstridige tradisjonen

Avhandlingsarbeidet til Granås har vore todelt: å vise dagens utviklingstrekk i dei tre byane og å arbeide fram teoretiske og metodologiske perspektiv til bruk i ein kulturanalytisk arbeidsmåte for studium av stader. Avhandlinga vart også delvis eit oppgjer med den forskingstradisjonen ho sjølv er ein del av.

- Det "gjenstridige" har vore ein mykje brukt term i analysen av nord innafor samfunnsforskinga - særleg i den forskinga som har gått føre seg på nord frå nord. Eg har ønskt å få fram det partikulære i nordleg byutvikling utan å gjera dei til byar i eit "annleisland".

- Det kan fort bli veldig konserverande, medan eg er oppteken av å få fram det mangfaldige ved byen, avsluttar Granås.

På forsiden nå


...

Strippet i dagligvarebutikken

Fra nå av kan folk levere klær til Fretex gjennom Posten. Det ble markert med strippe-stunt i butikken.

Se bildeserie!

...

Se LIVE-video av Mjølner -TIL her

Sola skinner og været er flott - men ikke alle kommer seg på stadion likevel.

Her kan du se Mjølner - Til kampen direktesendt!

Kampstart: 18.00

...

Flere gebyrer, anmeldt og pålegg

Men alle barn var godt sikret denne gangen.

...

Se alle påskevideoene

Se lesernes innsendte påskevideoer i vår videokonkurranse