He... (unnskyld)

Virus: Datavirus kan komme i ulike innpakninger...

Virus: Datavirus kan komme i ulike innpakninger...

Av
DEL

LeserbrevVi lever i ei digital verd, om nokon ikkje skulle ha oppdaga det. Statistisk sett kunne eg ut i frå alderen min, godt ha vore blant dei som aldri hadde høyrt om nettbankar og i allefall nekta å ta imot noko som helst på data, men satsa på papir. Slik eg gjer når eg skal lese aviser skikkeleg. Det har noko med lukta av avispapir og kaffe å gjere. Samt kryssord som definitivt smakar best i fysisk tilstand.

Når eg likevel, trass i alderen, er relativt oppegåande i vår digitale verd, skuldest det nok at eg heilt tilfeldig blei klassestyrar for den første (?) gymnasklassen i Noreg der elevane fekk utlevert eigen PC, sponsa av næringslivet eller kven det no var, i Narvik. Det skjedde i den digitale oldtida, 1990-talet. For å makte det, blei eg og resten av klasselærarane sende på kurs sponsa av fylket (tenk det – i Narvik!) der eg lærte en masse. Stort sett ting eg ikkje har fått bruk for og som eg derfor stort sett har glømt.. Men det er ei anna sak.

Elevane var naturleg nok i høgspenn, dei kasta seg over oppgåvene og fekk til og med besøk av ein lærarstudent frå Tromsø som skulle observere jobbinga deira. Ho blei nok neppe imponert, verken av elevane (bortsett frå entusiasmen) eller den pedagogiske leiarskapen. Men ikke veit eg kva ho sjølv kunne om data heller.

Det var mens ho var der, ein av elevane plutseleg utbraut! Helvete! I gamle dagar ville Fremover neppe trykt eit slik ord bortsett frå som ein del av ein skriftleg andakt, og derfor ikkje brukt som skjellsord, men som skildring av ei eventuell kommande framtid. Men i ei tid då sopar og homse og liknande er anerkjent av rettsvesenet som akseptable ord, går eg ut i frå at eg ikkje blir sensurert.

Derfor gjentar eg: Helvete! For det var det han gjorde, eleven også.

Ikkje overraskande i og for seg, elevane også på 90-talet, var ganske frittalande. Når episoden framleis sit fast i mitt sikkert sviktande hovud, skuldest det derfor helst at han som kom med utbrotet, var ein stlle, roleg og arbeidssom kar som aldri bantes fordi han høyrde til ei svært ortodoks religiøs menigheit. Eg hoppa derfor høgt i kateterstolen (dersom eg sat der og ikkje vandra omkring) og måtte i ein sjokkert klasse sjølvsagt spørje mønstereleven om utsegna.

Svaret hans var ikkje originalt sett med 2020-auge, snarare tvert om, men akkurat då var det det.

- Data e fine greier, sa han, - Når de funke. Men ellers e det et reint Helvete! (for ordens skuld, han kom frå ikkje-land i Ankenes).

Klassen som hadde vore heilt stille, begynte å summe igjen, men folk nikka bekreftande, Data kunne vere eit Helvete. Men…… Det er neppe viktig, men eg trur fyren framleis er ortodoks, men han endte uansett opp som lege eller tannlege. Og mi røynsle frå dei yrkesgruppene er at i så fall må han i 2020 faktisk beherske litt data. Samtidig lurer eg på om han har kome med liknande bannskap seinare.

Eg er ikkje ortodoks, og det hender nok dessverre at også eg seier slike stygge ting. Utan at det er vondt meint. Og akkurat no seier eg det: He…..! (merk utropsteiknet!)

Eg sa at eg var relativt oppegåande i bruken av data. Kanskje ei sterk overdriving. Rett nok er dette skrive på PC, og eg bruker mest kort i butikkane og veit kva ein nettbank er. Men det gjeld PC. Imidlertid finst det noko som heiter smarttelefon. Eg har ein slik og bruker han også, (dessverre også på FB), der han dels lever sitt eige liv når eg skal skrive noko. Samtidig som det kan vere vanskeleg å sjå kva som kjem inn. I alle fall når eg slurvar. Det skuldest nok helst at skrifta er lita og fingrane store,og synet ikkje som det var ein gong i tida, noko som også gjer at eg ved ein inkurje av og til kjem til å opne meldingar eg ikkje burde opna. Med dei følgjene det kan få. Det blir kalla virus. Men det kjem frå dumskallen min og ikkje Kina.

Derfor kom eg til å opne ein mail frå Marit som eg er ven med, men som viste seg å vere ein heilt annan enn eg trudde. Noko som førte til at eg raskt blei medlem av ein hemmeleg sexklubb oppretta på Chrome. Så no strøystrøymer det på meg så eg knapt kan andast, for å sitere eit kjent sitat.

No har ikkje eg noko i mot kvinnfolk, sjølv om sexlysta kanskje ikkje er som i forhistorisk tid. Derfor blir eg litt lei når eg opnar telefonen og eg kvar gong blir møtt med gode tilbod av typen, «Paula vil treffe deg», «Else er naken», osv. Pakka inn i røde hjarte. Og gjerne i både fire og fem sksemplar,I tillegg til masse andre typer annonser for Bitcom og liknande viktige ting. Dei kjem via chrome, så eg har forsøkte å slette heile nettstaden .Det har lyktest for ei stund, men så kjem heile greia tilbake. Eg beynner å bli lei.

Lat meg sjå no, eg opnar telefonen. Ei viktig melding frå Anne (x 5). Ho sender fem bilete og seier: -Du er min drøm. Merkeleg, etter som eg verken har snakka med ho eller sendt bilete.

He…..!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags