Soga om då Evenes fekk seg ny høvding

NY ORDFØRAR I EVENES: Terje Bartholsen (Ap) – eller Terje Langemann, som hans ekvivalent i denne soga heiter. (arkivfoto)

NY ORDFØRAR I EVENES: Terje Bartholsen (Ap) – eller Terje Langemann, som hans ekvivalent i denne soga heiter. (arkivfoto) Foto:

Av
DEL

LeserbrevSom heile Noreg godt veit, har det vore val i Evenes. Valskredet var så stort at dei nesten måtte nytte lavinehundar for å finne alle røystesetlane.

Heile 77 prosent tok på seg finstasen, og rusla til vallokalet. Flest røyster gjekk til Bogenfolket, som fekk fem stolar i det nye heradstyret.

Dei misnøgde

Bogenfolket var så misnøgde med handsaminga av Bogen, at dei like godt laga ei ny liste. Kva dei var så misnøgde med veit få, bortsett frå at borna nå lyt lære seg kvadratrota på Liland. Hadde det kan hende vorte ei gildare kvadratrot på ein ny skule i Bogen? Vi får tru at anna misnøye kjem for dagen i løpet av fire år.

Restborgarskapet

Borgarskapet hadde egla Jardar den Hardbalne til strid for å verte høvding på nytt. Dei vona óg at dette skulle gi mange røyster. Men ikkje denne gongen.

Les også: Han er ny ordfører i Evenes

Borgarskapet hadde før ni stolar i heradsstyret, så syv stolar og no sat dei att med berre fire stolar. «Skal dette halde fram vert vi snart skuldig på stolar», heiter det frå ein talsmann for borgarskapet. Veljarane hadde no redusert dei til eit restborgarskap.

Storkoalisjonen

Borgarskapet har hatt høvdingen dei seksten siste åra, og ber såleis politisk ansvar for langvarig og stemoderleg handsaming av Bogen. Kva er då meir logisk enn at Dei misnøgde søker samarbeid med nettopp Restborgarskapet? Nokre taler om ein lokal variant av Stockholmsyndromet, så langt går sjølvsagt ikkje denne skrivaren.

Avtale om ny Storkoalisjon med Jardar den Hardbalne som høvding og Jan Inge Rockar som visehøvding rakk nokre dagar, men nokon ville det annleis.

Exit-gutane

Rune Langskjegg og Petter Jaktmann vart så rasande på avtalen om Storkoalisjon at dei melde seg ut av Jardars hird. Det ville ikkje støtte eit samarbeid med Dei misnøgde, som då vart ytterligare misnøgd.

Rockaren søkte trøst i bluesen, og laga ein 12-taktar av den vakre hymna «You can't always get what you want».

Les også: Veteran spår fire år med bråk og uro i Evenes

Terje Langemann på banen

Medan Rockaren søkte trøst i blusen, kom Terje Langemann frå Arbeidsfolket på banen. Med støtte frå Bondehæren og ein Exit-gut vart han valt til ny høvding med ni røyster. Jardar den Hardbalne bles kraftig i barten over Exit-gutane som sløkte draumen om høvdingsete: Ettersom eg ikkje vart høvding, går eg heller til strid frå sidelinja.

Denne skrivaren har nokre trøystings ord til Dei misnøgde, for sjølvsagt ville dei som største hird ha høvdingen: Kan du ikkje få den du elskar, lyt du elske den du får.

Den same kvelden måtte mannen til Sisilja frå Viksund for første gong gå til sengs med ein gamalordførar. Men det er si soge vi ikkje får ta del i.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags