Feik

Av
DEL

Leserbrev
Det er harde tider. Verda var om ikkje betre, så i alle fall enklare, i gamle dagar. Då kunnskapen vår kom frå lærarar og skolebøker og OT og Fremover og Ofoten Folkeblad og ikkje minst NRK. Dermed visste vi det meste. Trudde vi visste, meiner eg. Men det var før Donald kraup ut av teikneseriehefta, blei president i USA og begynte å kvitre. Plutseleg blei alt han ikkje likte, feik njus. Problemet er at han stadig skifta meining, så dermed blei alt så vanskeleg.

Men på FB er alt lett. Anten er du for noko. Eller så er du mot. Så enkelt er det altså. Ta klima f.eks. Fremover og dei fleste massemedia hevdar at det går føre seg ei klimaendring. Sjølv har eg f.eks. konstatert at Frostisen smeltar og at det same gjeld breane på Svalbard. Det siste har eg lært av NRK. Men NRK står eigenleg for ARK (arbeidarpartiets RK), og er jo venstrevridd, så dermed kjem dei med feik. Som dei fleste vanlege massemedia. Altså kan ein ikkje stole på dei. Seier «klimarealistane». Ifølgje dei er det heile ein bløff, sett i scene av FN og ein ungarsk jødeamerikanar som heiter Soros. FN er forresten noko av det verste som har hendt verda ettersom organisasjonen preiker internasjonalisme. Og blant anna har lagt ein plan for å islamisere verda. Men det let vi liggje her.

Nei, lat oss halde oss til klima. Hysteri, seier nokre. blant anna ein pensjonist som heiter Knut i Hordaland. Eg meiner Vestlandet. Alt er normalt, seier han, klimaet også. Sjølv om stormane og regnet har herja heimstaden hans dei siste to åra. Og tusenvis av nordmenn støttar han. Viss vi er inne i ei klimeaendring, går vi mot ny istid, ikkje varmare klima. Hevdar nokre av realistane. Temperaturane som meteorologorganisasjonar legg fram, blåser dei i. Og kjem dragande med andre temperaturmålingar, andre stader, stader dei liker. Reint Trumpsk.

Og så er CO2 ikkje farleg for klimaet. Tvert om, det sunt! Så då så.

Så kven har rett, det forferdelege FN eller realistane?

Ikkje veit eg, men eg vedgår å tru på oppvarminga som eg ser med eigne auge. Viss eg kan stole på dei. Og i min alder kan eg vel ikkje det.

Årsakene derimot?.Menneskeskapt eller ikkje?

Joda, klimaet har alltid endra seg, som gamal geografi- og samfunnsfaglærar, har eg då lært det. Viss ein kan stole på dei avdanka lærebøkene mine og dei fossile lærarane som stod bak kateteret i mi tid. Samtidig står det ikkje til å nekte for at ikkje berre Knut, men også forskarar av 2020 støttar reealistane. Dei på realistsida hevdar derfor at forskarane FN viser til, at dei ikkje er forskarar, men «forskarar», betalt av Soros for å hevde det dei hevdar, blant anna for å tene pengar,

Då er det vel Soros som også har skulda for at kinesarane har gåt laus på vesten med eit virus. Skjønt nokre realistar dempar seg litt, og hevdar det skuldest eit uhell under framstillinga av det nye kjemiske våpenet deira. Det kunne like gjerne ha kome frå USA som også forskar på kjemisk krig. Men vi let også det liggje.

Når det gjeld klimaet, har imidlertid Knut og realistane rett, trua på at klimaendringar, inbilte eller ikkje, kostar. Berre spør Erna. Og oss skattebetalarar. Og evt oljeindustrien.

Sjølv er eg uansett ikkje hysterisk, Knut. Menneskeskapt eller ikkje, inntil vidare og i min alder er eg så egoistisk at eg prøver å leve. Og det er i alle fall normalt. Vinteren har ikkje vore all verda, og isbroddane har vore flittig i bruk. Men eg bur no ein gong her frivillig, sola er komen tilbake og i det heile tatt. Og når eg ikkje går, prøver jo helst på det, kjører eg rundt i min gamle dieselbil, vel vitande om at det ikkje er noka stor synd ettersom den totale forureinga av han ikkje er stort mindre enn av ein ebil.

Likevel, når dette eventuelt lesast, sit eg ein stad i Spania og nyt eit anna klima for ei stund. Meteorologane, anten ein skal tru på dei eller ikkje, har i alle fall lova meg det. Samtidig som eg veit at mostandarane mine på FB ber til Gud (neppe Allah) om at meteorologane skal ta feil, slik at eg får oppleve både regn og kanskje snø der nede- Det har i alle fall sjokkert dei tidlegare i vinter.

Men så burde eg vel vere skamfull slik oppdragelsen min seier at skal ein vere når ein har gjort noko gale. Og no sjokkerer eg Erna og Bror Martin ved at eg ikkje tar toget nedover (det har ikkje ein gong pensjonisten tid til), men Norwegian (det er eit flyselskap).

Og sanninga er (og det er ikkje feik): Eg skammar meg ikkje!

Thor Johnsen

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags