Frykt

Av

- All frykt kjem av at vi elskar noko.

DEL

LeserbrevDesse visdomsorda av Thomas Aquinas, den gamle kirkefaderen som levde på 1200-talet, er djupe. At dei framleis skulle gjelde 800 år seinare, hadde han likevel kanskje ikkje tenkt seg. For Korona skaper frykt, om nokre ikkje skulle ha oppdaga det. Eg merka det allereie mens eg var fengsla i Spania for ei vekes tid sia. No ja, fengsla og fengsla fru eitt eller anna, for eit friluftselskande menneske som meg føltest det i alle fall slik, særleg då styresmaktene til og med sette inn droner for å jage meg innandørs. Då var det på tide å begjære seg lauslatt. Og ettersom dei same styresmaktene såg meg som ein trussel, hadde eg få problem med lystre Erna og pelle meg heim Så her sit eg no i karantene mens eg lovleg kan ta ein morgontur så lenge eg held meg fysisk unna andre menneske.

Men eg er ikkje kontaktlaus, eg har både telefon og PC og gode vener som går i butikken for meg. Men eg merkar frykta. Både hos dei og hos andre eg ser ute. Og det vi elskar, er vel sjølve livet. Jo eldre ein blir, jo meir merkar ein visstnok frykten for at koruna skal ta frå deg noko du har kjempa for eit heilt liv, for å seie det slik, er levande.

Men massemedia vinklar det dels annleis, meir materialistisk, for å seie det slik. Dei samanliknar det med krigen. Og vel nok er eg gamal nok til å hugse passtvangen til Sverige og at foreldra mine måtte ha tysk godkjenning for å besøke tante i Ballangen. (skjønt utan karantene....) Men kva med tida etterpå? For pandemiar er faktisk ikkje noko nytt. Dei har skapt frykt – ofte. Rett nok sjølvsagt ikkje så gjennomgripande som i vår digitale tid, og med analyser av framandordet pandemi. Sjølv hamna eg på lasarettet (veit du kor det er?) i 6-årsalderen, der huslegen vår frykta difteri, eller i verste fall polyomelitt. Eg frykta vel ikkje det, men det gjorde foreldra mine garantert.

Og seinare har vi jo hatt både Sars og svineinfluensa. Rett nok veit eg var ikkje om ordet pandemi var funne opp då. Men frykt skapte det definitivt uansett. Og sjølv om det er litt på sida, kven på min alder kan gløyme den verste tida under terrorbalansen, frykta for ein tredje verdskrig med bruk av atomvåpen.. Eg trur det var Einstein som uttalte at ein evt.fjerde verdskrig ville bli ført med tresverd. Og dei orda gjeld kanskje framleis, men er for tida utkonkurrert av Korona.

Går vi lenger tilbake (nei, eg hugsar ikkje så mykje av det) har vi jo Svartedauden som utraderte 60 prosent av Europas befolkning, også i Noreg. Nokre som er i tvil om at folk var redde? Og etterpå....det er ei anna historie.

Og går vi fram til det som vel trass i alt må kallast vår eiga tid, så hadde vi jo spanskesjuka i 1918-19. Ho tok livet av rundt 15 000 nordmenn. Og årsaka var lungekomplikasjoanar. Høyrt det før?

Så fekk vi tuberkolosen på 1930-talet. Hadde sjølv eit søskenbarn som hamna på Vensmoen, den tidas «fengsel» for dei som var ramma og ikkje skulle smitte andre. Hadde han frykt? Sjølvsagt, han fortalte ofte om det. Men han blei likevel 90.

Så kunne det jo vere interessant å vite reaksjonen til passasjerane på dette flyet (sikkert eit billigselskap?) som forlot Alicante for kort tid sia. Vel oppe i marsjhøgde kom denne meldinga:

– God morgen! Dette er kapteinen. Dere flyr nå i 10 000 meters høyde og jeg regner med å ha dere fremme på Gardermoen om tre og en halv time. Jeg kan ellers opplyse at på grunn av koronasituasjonen, jobber både styrmannen og jeg fra hjemmecockpit. Vi ønsker dere en fin flytur!

Kor vidt historia er sann, skal vere usagt, men sjølv kom eg då lykkeleg heim, så då passar det kanskje med dette sitatet frå den engelske forfattaren Jelly Cooper:

– Eg bryr meg ikkje så mykje om ferie. Det er ein FRYKTeleg dyr måte å finne ut at ingen stader er som heime!

Ha ein fryktlaus dag!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags