Ingen kan ta denne æra aleine, Skjæran

Av
DEL

MeningerMed stigande undring las eg kronikk av arbeiderpartiet sin nestleiar, Bjørnar Skjæran, 13.06.19.

Med brei pensel maler han biletet av korleis Ap tek heile æra av at Norsk olje-og gassnæring i dag har den posisjon dei har, og korleis andre parti konstant har vore ein bremsekloss for Ap sitt arbeid på feltet. Ikkje eit ord om at næringa sjølv, med sine tusenvis, for ikkje å seie millionvis av arbeidstimar, frå fagarbeideren og ingeniøren, til leiing og godt trepartssamarbeid, gjennom fleire tiår har stått for den utviklinga vi har hatt. Det er ikkje til å undrast over at ein kan la seg provosere.

Det første den nye nestleiaren bør gjera er å finne fram historiebøkene.

Det andre han bør gjera er å ta ein prat med sine medlemmer i energi og miljøkomiteen. Ved fleire høve har energipolitisk talsperson Espen Barth Eide stilte spørsmål ved rammevilkåra for vår olje- og gassindustri. Leiterefusjonsordninga har vore til debatt internt i partiet. Ungdomspolitikarane har snakka om sluttdato for olje og gassnæringa. Seinast i mai var Støre i Bergen der han møtte fleire sentrale tillitsvalgte som har meldt seg ut av partiet fordi dei meiner Ap sviktar. Ein har ikkje lenger tillit i eigne rekker.

Det tredje den nye nestleiaren bør gjera er å setje seg inn i regjeringen sin politikk. For denne regjeringa har ein langsiktig og føreseieleg petroleumspolitikk. Dette vart seinast uttalt av Erna Solberg på Stordkonferansen denne veka. Vi er opptekne av rammevilkår som gjer at næringa har ei framtid. Der vi legg til rette for teknologiutvikling, der vi bygger opp kring dei verdiane vi har skapt, der vi utnyttar infrastruktur gjennom å utvinne meir petroleum der vi allereie har etablert våre felt. Vi legg til rette for nye leiteområder, samstundes som vi legg svært mykje midlar i å bygge opp nye næringar vi skal leve av, og der havet også i framhaldet skal vera vidare grunnlag for vår verdiskaping.

Til slutt er det å seie at vi gjennom fleire tiår har hatt brei politisk einigheit innan vår petroleumspolitikk. Det skal vi alle vera glade for. Samspelet mellom energiselskapa, arbeidstakarane og dei politiske miljøa har vore viktig for å kome dit vi er i dag. Ingen kan ta denne æra aleine. Heller ikkje Ap.

Kronikken forstår eg som eit forsøk på å slukke dei ulmebrannane som er skapt i eigne rekker. Der industri-grasrota i Ap gjer opprør. Vi er glade for at nestleiaren no tek eit oppgjer med sine eigne, og legg seg med det tett opp mot regjeringa sin politikk både med omsyn til korleis vi skal videreutvikle vår olje og gassnæring, men også korleis vi skal nytte det potensiale for ny næringsutvikling som havet kan by på. For vi skal bygge nye næringane på skuldrene til olje og gassnæringa.

Vi skal videreutvikle den kompetansen vi har fått. Som det vart uttala på Stordkonferansen: «Draumen er at det resirkulerte stålet frå Statfjord A vert å finne i flytande havvindprosjekt i Nordsjøen.»

Vi er på veg.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags