Tilbaketog

FØRSTEPLASS: Så kan jo vi lokalt trøyste oss med ryktene om at ein i samferdselsnemnda vissnok har sett dobbeltspor på Ofotbanen på førsteplass framfor både Kirkenes og Skibotn og Tromsø. Kva no det måtte bety når det kjem til stykket.

FØRSTEPLASS: Så kan jo vi lokalt trøyste oss med ryktene om at ein i samferdselsnemnda vissnok har sett dobbeltspor på Ofotbanen på førsteplass framfor både Kirkenes og Skibotn og Tromsø. Kva no det måtte bety når det kjem til stykket.

Av
DEL

LeserbrevDet finnst så mange slags tog. 17. mai-tog. 1. mait og (i gamle dagar i alle fall) protesttog. Åssåvidare. Åssåvidare. Og så tilbaketog. Det mest kjente tilbaketoget eg kjenner til, var noko historielæraren min fortalde om og som han kalla «Dei ti tusen sitt tog». Rett nok var toga ikkje funne opp den gongen dei ti tusen gjekk i eit, for dette skjedde rundt 400 år før vår kristne tidsrekning. Og stakkaren som leidde tilbaketoget, heitte visstnok Xenofon (må ikkje forvekslast med Gramo og Micro og Tele) og måtte ta over etter at persarkongen Kyros hadde ånda ut borte i Armenia ein stad.

Xenofon greidde seg utmerkt som togleiar. Gjennom opphaldande strid fekk han mesteparten av troppane velberga tilbake til Persia (Iran). Og i dag får vi berre håpe at Trump held seg unna. For troppane er der framleis.

Av andre tilbaketog er vel dei mest kjente dei til Napoleon og Adolf, i sistnemnde tilfelle både frå aust og vest, og i begge tilfella svært vellukka. Sett med dei vestlege auga våre i alle fall.

I kryssordoppgåver hender det ein får stikkordet «kø» på tre bokstavar. Og då er svaret alltid tog. Akkurat det hadde eg tidlegare litt vanskeleg for å svelge ettersom køer har ein tendens til å bevege seg sakte. Men opp gjennom åra har eg erfart at det er nettopp det tog gjer, beveger seg sakte. Og då passar det jo bra. I alle fall for dei som blir drivne av NSB og går på Austlandet. Viss dei då i det heile tatt går der i desse dagar.

NSB skal som kjent drive jernbane. Og det er i følgje ordboka mi «skinnebelagt bane for tog» (sic!). Og då passar det jo bra med tilbaketog. For sjølv om vi har jernbanar både her og der, vi har for eksempel den transsibirske jernbanen som eg framleis drøymer om å få oppleve. For ikkje å snakke om Rovos Rail i Afrika, eller det litt mindre alternativet Blu Line berre i Sør-Afrika. Men i Noreg har vi stort sett ikkje anna enn NSB. Og dei er på sett og vis på tilbaketog. Ikkje berre tar turen frå Oslo til Tønsberg lengre tid i dag enn han gjorde i mi tigerstadstid på 60-talet. Viss toga i det heile tatt går og du blir stabla inn i ein gamal «bussfortog». Som definitivt er eit tilbaketog.

Vidare har vi smalspora jernbanar som har vore tilbaketog så lenge at alle norske for lengst er nedlagde. Både den i Setesdal og den i Ballangen. Utan samanlikning for øvrig. Og vi har breispora jernbanar, dei er der framleis, vi skal ikkje lenger enn til Nokialandet for å finne dei. Og så har vi normalspora tog som alle gjenverande i Noreg er. Skjønt normalspora og normalspora, ingenting er normalt når det gjeld jernbanar i Noreg. Det har det ikkje vore på lenge.

Eigenleg begynte det då BI-økonomane tok makta i landet og meinte at alt på liv og død måtte «løne seg.» Kva det eigenleg innebar, visste ingen, men det hørtest fint ut. På den andre sia er det eit faktum at det «løner seg» for Noreg viss du bulkar bilen din. For då får bilmekanikaren din meir å gjere, og bruttonasjonalproduktet aukar. Det er økonomisk barnelærdom.

Men dermed er det uansett klårt at jernbanen må løne seg. At han er ein del av infrastrukturen og at landet kanskje ville tene meir på at han ikkje løner seg bedriftsøkonomisk, men heller sørger for eit tilbod til folk. Men det ein kunnskap blårussen ikkje har fått med seg. Så no jobbar ein overalt med å skape lønsomheit i snever forstand. Lokalt har det ført til at svenskane har overtatt Ofotbanen som i si tid finansierte heile jernbanenette i Noreg, og sjølvsagt glømt det derre om å skape tilbod. No ja, i alle fall når det gjeld persontransport. Men mellom Narvik og Riksgrensen bur det jo berre norrbaggar, så da så. Derfor går toga berre to gonger om dagen, og stoppar omtrent ikkje undervegs til søta bror. For sjefen i Stockholm har ikkje hytte på Bjørnfjell. I tillegg får dei få passasjerane som er att, ikkje frakte noko som helst, spesielt ikkje gassflasker, ikkje ein gong tomme, og syklar. At godsvogner faktisk er funne opp, har gått Stockholmseliten forbi.

På den andre sia går det ikkje menge godsvogner på skinner mellom Fauske og Kirkenes heller. Eller mellom Fauske og Narvik. Eller Narvik og Tromsø. Eller ...

Og fleire blir det nok ikkje. For Nordlandsbanen som blei skrinlagt for godt då ein viss samferdselsministar fann det viktigare å byggje diverse «sjå Noreg frå innsida»-vegar fram til heimstaden Førde enn å byggje jernbane i audemarka her nord. Og seinare har diverse stemmer nettopp her nord fabulert mykje om kva no. For tida verserer det urealistiske tankar om bane frå Rovaniemi til Kirkenes, frå Kolari til Skibotn, frå Narvik til Tromsø mens nokon framleis trur på kryssing av Tysfjorden og ein bane slik han opphaveleg var bestemt, frå Fauske til Kirkenes. Og alle austlandshjerter gleder seg, for ueinigheit her nord betyr at ein kan konsentrere seg fullt og heilt om hurtige såkalla intercitytog der sør. Viss ein då ikkje heller skal konsentrere seg om motorveg over alle Vestlandsfjordane. Det spørs kva MDG og Venstre seier.

Så kan jo vi lokalt trøyste oss med ryktene om at ein i samferdselsnemnda vissnok har sett dobbeltspor på Ofotbanen på førsteplass framfor både Kirkenes og Skibotn og Tromsø. Kva no det måtte bety når det kjem til stykket. Eg fryktar det også blir eit tilbaketog. For dobbeltspor til Trondheim er sikkert langt viktigare.

Og for berre ytterlegare å illustrere tilbaketog som ikkje har noko med skinner å gjere. Framneslia Flyplass og Hålogalandsbrua som sto ferdig i fjor.

Men dette verkar så negativt. Så lat oss derfor avslutte med eit framgangstog: Gondolbane! Og VM

Ha ein fin restdag utan tilbaketog.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags