Senterpartiet er ikkje negative til Evenes!

Av
DEL

LeserbrevAvisa Fremover hevdar i eit oppslag ført i pennen av journalist Terje Næsje at Senterpartiet ser Evenes som uegna som base for Luftforsvaret. Det er ikkje sant. Senterpartiet sat i regjeringa som la fram forslag om framskoten base for F35 jagarfly (QRA)på Evenes og har støtta denne utbygginga heile vegen. Me er heller ikkje i mot luftvern på Evenes, slik ein kunne få inntrykk av i same oppslag.

Når det kjem til base for overvakingsflya P8 ynskjer Senterpartiet framleis å stasjonere desse på Andøya. Slik stoda er no vil areala på Andenes framleis bli bundne til militær aktivitet og alliert øving. Etteretningstenesta skal framleis halde til å Andøya, med sine sikkerheitsoner. Det vil ha sin kostnad uavhengig av kor overvakingsflya vert plasserte.

Evenes skal også i framtida forbli ein viktig sivil flyplass, i tillegg til den militære aktiviteten. Luftfartstilsynet vil måtte gå inn og godkjenne dei ulike elementa, og om noko av utbygginga kan kome vegen for den sivile flyaktiviteten. Mykje tyder på at dei planane som no ligg føre vil føre til restriksjonar på sivil luftfart. Er det ynskjeleg? Og kva vil det eventuelt koste dersom ein må gjere store endringar i planane for å tilfredstille Luftfartstilsynet sine krav?

Senterpartiet støttar Evenes og utbygging av basen for F35 med tilhøyrande luftvern. Overvakingsflya våre gjer ein viktig innsats frå ein velfungerande base på Andøya. Slik bør det også halde fram.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags