Paraply

Av
DEL

LeserbrevDette er eigenleg ikkje viktig lokalnytt, men uansett populært på denne tida av året, både i bokstaveleg og overført tyding. Neida eg tenkjer ikkje på evt ny borgarleg regjering, men på reelle dråper som fell ned ovanifrå. Ordet paraply kjem frå det franske og sikkert opphaveleg latinske ordet parere, som betyr, ja altså parere, avverge eller noko slikt. Så har ein putta på pluie som betyr regn. Og dermed har ein noko som parerer regn, ein regnskjerm av spiler trekt med vanntett stoff. I følgje den gamle historieboka mi var denne utmerkte reiskapen kjent allereie i oldtida- For alt eg veit, gjekk både Platon og Aritoteles rundt med kvar sin paraply under armen. Men Hellas var kanskje meir regnfylt den gongen?

I overført betydning er det imidlertid ikkje spå enkelt. Vi har f.eks, paraplyorganisasjoner. Slike som LO og Akademikarane. Som rett nok ikkje har anna til felles enn paraplyen. Kva dei skal beskytte seg mot, er greitt nok , gjerrige arbeidgivarar. Og Venstre og Frp (og etterkvart kanskje KrF?) skal på same vis beskytte oss mot Støre. At arbeidgivarane, både private og statlege, også har paraplyar, er innlysande. Store paraplyer. Helst kalla fallskjermar.

Som pensjonist har eg derimot ingen slik fallskjerm. Snarare tvertimot med Siv og Erna bak roret. Derimot har eg definitivt ein paraply. Han er nokre år gamal, og sjeldan brukt i Jantebyen Narvik der eg ikkje eingong tør vandre rundt i gummistøvlar. Eg har ikkje motet til Drillo. Men det er ikkje ein normal paraply. Skulle ikkje forbause meg om han også kan brukast som fallskjerm Men då ikkje i arbeidsgivartyding.

Det begynte i utkant-Noreg. I den såkallaTigerstaden. Der nede regnar det (og snør det) mykje for tida. Det gjorde det også for nokre år sia. Eg hadde forvilla meg inn på ei bokutstilling i Spikersuppa ein seinettermiddag. Det var i eit telt og fullt av interessante bøker samt kaffe og vafler. Så det tok eit par timar. Då eg etterpå stakk hovudet ut i den forureina lufta for å begi meg til på ei ny vandring, minte det heile meg mest om Vøringsfossen før kraftidiotane la han i rør. Gateregnfrakken min låg i ein oppbevaringsboks i Narkoland. Altså på sentralbanestasjonen.

Redninga kom i i form av ein forpjuska utlending som dukka opp i teltopninga og tilbød meg ein paraply. Eller ein fallskjerm. Storleiken på både ver og gjenstand kunne tyde på begge delar. I alle fall blei eg redda av det fr. Listhaug sikkert ville karakterisere som ein økonomisk flyktning som tente svarte pengar på naive nordmenn. Det same kunne det vere. Eg stakk ein raud lapp i neven på fyren som takka meg tre gonger før han bukka meg ut i regnet.

Det var først då eg kom til oppbevaringsboksane at eg oppdaga det. At paraplyen var stor, visste eg, men ikkje at eg hadde fått ein regntett skjerm i nærmast sjølvvlysande fænsy fargar der regnbuen ville ha rødma av sjalusi om han hadde oppdaga han i f.eks. Narvik. Derfor vurderte eg sterkt å etterlate han diskret på femkronersdassen eg frekventerte like etterpå. Men ein hundrings er ein hundrings. Ein kastar han ikkje ut i lufta eller på eit toalett. Så eg rulla dingsen saman og foretok ei rask forflytning til flytoget og håpa eg ikkje vil møte kjentfolk.

Det gjorde eg heller ikkje, men konduktøren nekta meg å ha paraplyen i fanget av omsyn til dei andre passasjerane. Og viste til bagasjehyllene ved inngangen. Der var det heller ikkje plass, så det blei til at eg stod dei 24 minuttane tl Gardermoen med paraplyen som livets støtte. Å sende han som gods med flyet, gjekk sjølvsagt ikkje, så eg prøvde å stikke han i buksa og halte om bord. Med mine korte bein gjekk det sjølvsagt ikkje, så han blei i staden plassert under armen mens eg leverte billetten. Der glemte eg han sjølvsagt, så då eg bøyde meg ned for å ta opp stresskofferten, smeisa den ondsinna tamilen like godt inn i dama ved billettmaskinen.

Ombord kom flyvertinna springande og plasserte han bak kaffemaskinen på kjøkkenet eller kva det no heiter, Og der stod han og oppførte seg bra heilt til Bodø. Korleis han kom seg gjennom hallen og inn i Twin Ottaren der, hugsar eg ikkje, men eit par Bodøværingar kom definitivt til å hugse meg.

Eg droppa Taxi i Framneslia og fekk kona til å hente meg. Eg hadde stasjonsvogn,så det gjekk bra. Men då ho skulle inn på Extra eit par dagar etterpå og hadde tatt med seg feil paraply i regnveret, blei ho diskret bede om å gå inn i Leikeland. Sjefen trudde ho var Mary Poppins......

Og elles har eg fått mange velmeinte råd av vener, f.eks. å opne kasino og bruka han som lykkehjul.

Uansett, eg håpar på ein tørr restnovember og ditto desember. Men i skrivande stund regnar det. Eg trur eg hentar regnjakka.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags