Det hender ein ikkje trur sine eigne auge. Spesielt når ein ser vedtak ulike politikarar er i stand til å ta. Onsdagens plutselege overskrift i digitale Fremover fekk i alle fall mine, i følgje UNN ikkjebehandlingsverdige grå fuglar, til å renne ekstra mykje. For her presterte uvitande fylkespolitikarar å ville byggje ny samanslått vidaregåande skole i Narvik. Ein utmerkt tanke, rett nok  ikkje for idealismens skuld, men for økonomien. Pengar styrer som kjent både verda og Nordland.

 

No har eg av livslang erfaring lite tru på offentlege veseners evne til å berekne byggeutgifter. Eller riveutgifter. Men i dette tilfellet får dei berre segle i sin eigen sjø. Det er så likevel eg som må vere med å betale overskridingane. Nei, i dette tilfellet er mine fuglerennande auge meir opptatt av heilt andre ting. For det første er det nærmast utruleg at den nye skolen skal leggjast på Frydenlund. Har lokalpolitikarane nokon gong sett bilparken ved dei tre noverande skolane? Ikkje det nei. Nei ein kan vel ikkje vente anna av Terrabelasta auge. Men eg (trass i at eg sikkert ville ha vore med på terrraturen om eg hadde sete i bystyret...orsak), har sett det. Og eg ser det dagleg på mine morgonlege turar med bikkja utan hund. Skal ein skape kaos i ein bydel, er dette ein utmerkt sjanse.

Enno verre er det likevel at ein no har tenkt å rive Frydenlund vgs. Ein ting er at dette er ei av dei mest påkosta bygga i Narvik som blei sett opp den gongen byen var rik og derfor kunne lage ei skikkeleg solid bygning. Ho har seinare fått mykje skryt for nettopp det. Og det er, inkludert tilbygget, brukt eit sekssifra beløp på vedlikehald og modernisering pga nye forskrifter. Kva det vil koste å rive ho, skal vi ikkje snakke om. Og ein kan ikkje vente at fylkespolitikarar frå utkantNordland skal vite alt dette, dei som for ikkje altfor lenge sia også foreslo å rive Sjømannskirka. Men lokalpolitikarane burde vite. Det gjer dei tydeleg ikkje, utan at det nødvendigvis har noko med Terra og flyplassen å gjere.

Derimot dreier det seg mykje om haldningar. Narvik har greidd å kvitte seg med det meste av gamal historisk bygningsmasse (når eg ser bort i frå det tyskarane gjorde kål på), dels ved rett og slett å unngå vedlikehald. Med fare for å bli skulda for injuriar, fleirtalet i bystyret har opp gjennom åra vist ei utruleg historieløyse, viljen til å sjå at lokalhistorie faktisk er ein viktig del av kulturen. Og dermed røttene våre. Det er i tillegg ikkje meir enn nokre få år sia ein stor del av dei noverande politikarane ville rive Rådhuset også. Så det er kanskje ikkje så rart at dei siste søylene på Demag måtte vekk (rett nok etter panikk i Narvikgården i tilfelle politikarane skulle ombestemme seg) og at dei har tillatt den same gården retten til å føre opp to pannekaker på ei av dei mest sentrale områda i byen.

Og no skal altså nok eit kulturelt minnesmerke vekk; Frydenlund VGS. Eit godt vedlikehalde praktbygg. Og så er eg redd det gamle lasarettet fer i same slengen, i dette tilfellet pga manglande vedlikehald. Og kor lenge får Gulskola vere i fred...?

Så får vi kanskje trøyste oss med eit 34 etasjars hotell på brannstasjontomta. Det skulle ikkje forbause meg.

For å seie med Charlie Brown og Snoopy: Good grief!