Nye Narvik kommune må skilte på samisk

Gunnhild Skjold frå Tromsø er leiar i Norsk Målungdom.

Gunnhild Skjold frå Tromsø er leiar i Norsk Målungdom. Foto:

Av
DEL

LeserbrevI Fremover 10. februar kan vi lese at rådmannen i Narvik innstiller på at nye Narvik kommune berre skal bli skilta på norsk ved kommunegrensene. Dette er vi i Norsk Målungdom sterkt ueinige i.

Noreg er, og har alltid vore, eit fleirspråkleg samfunn. Dette er tydeleg i heile landet, men kjem ekstra godt fram i Narvik. Dette veit rådmannen, for i innstillinga si trekk han fram at Narvik er den einaste kommunen i landet som har både lulesamisk og nordsamisk i området sitt etter kommunesamanslåinga. Vidare skriv han at kommunen har eit ansvar for å bevare den samiske tilhøyrsla i kommunen, og at han ser at stadnamn kan opplevast som ein viktig del av identiteten.

Dette er spesielt viktig fordi tidlegare Tysfjord kommune var innlemma i forvaltingsområdet for samisk språk. Innbyggarane i Tysfjord har gått frå å bu i ein kommune der lulesamisk var likestilt med norsk, til å bu i ein kommune som ikkje ein gong er sikre på om dei vil setje opp nokre få skilt på samisk. Det vitnar om ein manglande respekt for det norske språkmangfaldet og ikkje minst for innbyggarane sine.

Det er ikkje berre rådmannen som veit dette frå før. I kommunesamanslåingsprosessen bestilte fellesnemnda ein rapport om samisk kultur, identitet og samfunnsliv i den nye kommunen, som blei gjennomført av NORCE. Rapporten skriv mellom anna at skilting av samiske stadnamn i Narvik får ein ekstra stor og symbolsk tyding fordi Narvik kommune tradisjonelt har vist liten vilje til å anerkjenne den samiske arven i kommunen.

Når rådmannen allereie har gjort desse vurderingane, er det for meg uforståeleg at konklusjonen blir at nye Narvik kommune berre skal skiltast på norsk. Alt dette burde gjere at nye Narvik kommune gjer dei samiske språka sine meir synlege, ikkje mindre.

Når både det norske og det samiske namnet på kummunen er synleg, vil begge namna på sikt bli like kvardagslege for alle som bur i kommunen. Det er nett ei slik normalisering og aksept dei samiske språka treng. Det vil gjere fordommane færre, og gjere det lettare å vere minoritetsspråksbrukar. Det vil gagne både samiskspråklege og dei som gjerne skulle ha vore samiskspråklege. Gjennom å få fram at det er fleire enn eitt språk i Noreg vil det også minke fordommane til andre mindre brukte språk, som nynorsk og kvensk.

Når alle kommuneskilta uansett skal byttast ut, er dette ein strålande sjanse til å sette opp samiske skilt. Heller enn å innvie den nye kommunen med å ta eit steg tilbake til fortida, bør nye Narvik kommune ta eit steg inn i den fleirspråklege framtida. Norsk Målungdom råder kommunestyret i Narvik til å vedta at den nye kommunen skal skiltast på både norsk, nordsamisk og lulesamisk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags