I Fremover 31.mars og i Nordlys 6.april hadde Odd G. Andreassen frå Narvik eit innlegg med tittelen: Landselenen trenger moderne transportveier.

LES OGSÅ: Landsdelen trenger moderne transportveier

 Denne overskrifta skapte nyfiken optimisme. Og eg nikka til hans utsegner om

- at landsdelen må sjølv sette seg  store og realistiske ambisjonar som er i samsvar med Nord-Norges rike ressursar,

- at den nordlege landsdelen må knyttast saman  med landbaserte transportkorridorar med tidsmessig kvalitet,

- det absurde i at Ofotbanen, som landets mest lønsame jernbane, framleis ventar på fullfinansiering av dobbeltspor.

Dette, og meir til, munna ut i hans erkjenning  av “et klart behov  for en nordnorsk jernbaneplan”.

Men Andreassen sin definisjon av NORD-NORGE og DEN NORDLEGE LANDSDELEN snevrar seg tydelegvis inn til berre å gjelde Nordland fylke. For når hans prioteringar i nummerert rekkefølge er i boks med

1. dobbeltspor på Ofotbanen

2. modernisering av Nordlandsbanen

3. samanknytting av Nordlandsbanen og Ofotbanen

- ja, da er tida komen for å vente!

Vente til “de reelle transporteffektene av slike investeringer er utprøvd.” Vente – trass i hans eigen observasjon av at “varevolumene forlengst har passert prognosene som lå til grunn for Nord-Norgebaneutredningen fra først på 1990-tallet”. Da – iflg. Andreassen – “er tiden inne for å vurdere om Tromsbanen fortsatt skal ende i Narvik eller forlenges videre inn i Troms og/eller Finnmark”.

Sålenge vi sjølv er sørvendte nordbuarar som tenker “de der oppe” og ikkje “vi her oppe”, vil prosjekt Region Nord-Norge ende som ein kraftlaus utopi.

Vi her oppe treng tankegodset til nasjonsbyggarane som for omlag hundre år sidan stakk ut jernbanetraseen til Kirkenes.

Vi her oppe treng samholdet frå stormøtet i Narvik som 20. oktober 1946 proklamerte: OM STAMBANEKRAVET STÅR NORD-NORGE SAMLET!

Hilde Sagland, Olsborg,

medlem i Tromskomiteen for jernbane.