Politikarar av nye Narvik; Tør de følgje fjellregel nr. 8?

Narvik videregående skole, studiested Frydenlund.

Narvik videregående skole, studiested Frydenlund. Foto:

Av

Som fjellfrelst kan eg fjellreglane. Derfor veit eg at regel nr 8 er: Vend i tide – det er ingen skam å snu.

DEL

LeserbrevMen dette dreier eg ikkje om fjell. Sjølv om vi er blitt tildelt ganske mykje av slike gjennom kommunegrenseendringa. Til og med i byvåpenet. Likevel, dette dreier seg om politikk. Nei, det er ikkje eit angrep på verken Tysfjord eller Ballangen, den sannsynlige varaordføraren ser ut til å vere  ein fornuftig Ballangsværing, og eg har ikkje noko mot ein tilsvarande tysfjording heller. Faktisk gir dei meg håp, dersom resten av veljarane frå dei to landkommunane er av same standard. Og sjølv om dette dreier seg om politikk hos den store stygge ulven, Narvikhalvøya.

Saka er at dei siste egosentriske kommunestyrene stadig har gjort vedtak som ikkje akkurat har gjort meg meir velvillig innstilt overfor politikarar som søv. Og dei er det mange av. Dessverre. Sagt på ein annan måte, det nye kommunestyret gir meg håp, håp om at nye folk kan leggje prestisjen til dei gamle til sida og sjå framover, ikkje tilbake. Og som sagt, sjølv om det dreier seg om  ulven. Til gjengjeld er eg sikker på at ulvane frå halvøya er villige til å gå inn for den nye E 6 en i Ballangen.

Kort sagt, her må ein snu eit par dumme kommunestyrevedtak. Håpar eg. For det er ikkje for seint å snu. I tide.

Det første gjeld vedtaket om ny vidaregåande skole på Frydenlund. Her skal ein til og med rive det einaste velhaldne offentlege bygget i byen. Eit bygg som fungerer og dessuten med ein fantastisk aula beriker kulturlivet lokalt. Galskap spør du meg. Og det gjer forhåpentleg dei nye politikarane.

Så vil nok nokre sikkert seie at det frå mi side  berre dreier seg om nostalgi ettersom eg har vore elev der sjølv. Og sjølvsagt er det nostalgi. Også. For eg minnest med glede engelsktimane med Larsen der eg i staden for å følgje med, sat og skribla på eit ark mens eg drøymde meg bort i retning Hardhausen og Dronninga. Ikkje fordi Larsen var ein dårleg lærar, men fordi eg var ein drøymar. Og som nabopulten min uttalte, ein drøymande fjellfinn.

Men det er ikkje nostalgien som er viktig her, men to andre ting. Nemleg arkitektur og trafikk. Kvifor rive eit fungerande landemerke av 60-tallsarkitektur som er ein viktig del av bybiletet. Av sjølve identiteten vår.

Og enda viktigare, plasseringa i bykjerna. Parkeringsplassen til Idrettens Hus og elevane på skolen har nettopp fått avgift. Kanskje elevane greier dette i vår tid. Men når den nye skolen kjem, kor skal dei då gjere av bilar og skutrar. Har dei gamle politikarne tenkt på det? Neppe, for når skolen kjem, må dei anten setje bil/skuter heime, og det gjer dei neppe, eller plassere dei....nei det vil ikkje vere nokre stader å plassere kjøretøy med mindre ein tar i bruk skoleplassen til det som av ein eller annan merkeleg grunn blir kalla Frydenlund Skole istaden for Tårnveien. Eller ein kan rive gamle

Villaveien etter typisk Narviksk tankegang: Riv skiten! Og så galne kan vel ikkje politikarar vere?

Så kor skal vi plassere den nye VGS'en, viss ho nokon gong kjem? I Ballangen? Tja, kvifor ikkje, skjønt sjølv ikkje Rune vil vel lukte på det. Trur eg. Men så har vi jo sjukehsuet som skal vekk og flytte til mørkholla på Furumoen. I gamalbygger på Forrædarhaugen er det jo allerede investert eit 6-sifra antal millionar til ombygging. Og for drøymande fjellfinnar som meg må det vere ideelt. Viss du er heldig med plasseringa av klasserommet. Ikkje alvorleg meint? Joda, for noko bør jo bygningane brukast til.

Politikarar av nye Narvik; Tør de følgje fjellregel nr. 8?

Så var det den andre snuopersjonen, nemleg bytunnelen. Den noverande planen vil leggje vårt andre kulturhus, Sjømannskirka, ned i ei 7 meter høg grøft samt nesten midt inne i ei rundkjøring som ellers som den noverande, eigenleg ligg på eigedomen til kirka. I tillegg vil ei gjennomfartsåre på oversida ta frå kirka sin eigen parkeringsplass med dei følgjene det vil ha for drifta av kirka, noko som kan resultere i at dei to statlege deltakarane i Stiftelsen kan kome til å trekke seg ut. Og det vil bli dyrt for kommunen og for ei rekkje små foreiningar som brukar kulturhusdelen i dag og som gjer drifta mogleg.

Foreiniga Sjømannskirkas Venner har jobba med saka, og gjorde for ei tid sida eit framlegg for kommunestyret om å flytte tunnelinngangen til fjellet rett utanfor den noverande tunnelen (på bysida). Det var ein plan utarbeidd av spesialistar på HiN, eg meiner sjølvsagt UiT, og ikkje ein laus ide frå velmeinande amatørar. Men Vegvesenet sa at då måtte dei planleggje meir, så det ville forsinke tunnelen med minst eit halvt år. Så då fekk polikarane panikk og vendte dei fleste av sine 82 tomlar ned.

Eg er ikkje, heilt sikker, men eg trur det er 3 år sia no. Og tunnelen.....? Faktisk er politikarane usamde om han nokon gong kjem. Men i tilfelle, det skulle vere god tid for både politikarar og SVV å ombestemme seg

Politikarar av nye Narvik; Tør de følgje fjellregel nr 8?

Eller vel de å grave dykk inn i snøen...

Eg lever i håpet på det første.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags