Eg er litt forvirra

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Eg er litt forvirra. Forresten, ikkje litt, men mykje forvirra. Etter å ha sluppe ut av karantene, gleder eg meg stort over også å kunne vandre i byen, sjølv om Framneslia var heilt grei mens han varte. Karantenen meiner eg. Så no kan eg vandre i gater som er like folketomme som Framneslia på mine faste morgonturar. No kan eg til og med gå i butikkar når eg berre hugsar på å antibakterie meg når antibakflaskene ikkje er tomme. Og det er dei ofte. Så bruker eg kort når eg betalar, men det gjorde eg lenge før Korona var funne opp. I tillegg prøver eg å halde avstand, også til venene mine som ikkje lenger treng handle for meg. Og eg priser meg lykkeleg over å vere pensjonist. Så blir eg ikkje permittert eller mistar den jobben eg ikkje har. Eg kan nyte livet så lenge eg har det. Og det prøver eg på. Både å halde på det og å glede meg. Samtidig føler eg med dei førnemnde gruppene, men er egoist nok til å konsentrere meg om meg sjølv.

Men det er ikkje det som forvirrer meg. Eg er jo ikkje akkurat verken smittevernekspert eller politikar. Og ettersom desse kranglar i vilden Koronasky, er det ikkje rart at lille eg får problem. Svenskane, og dei skal ein vel ikkje tru på (det lærte eg i barndomen min i oldtida), meiner noko anna enn nordmenn om antikoronametodar. Det er no så. Verre er det at ekspertane, både sjøloppnemnde og fagfolk/politikarar også slåss. Og no har også eit blad Ørjaseter blanda seg inn og blitt jurist og hevdar at politikarane bryt grunnlova med aksjonane sine. At ho eigenleg er forfattar, speler mindre rolle. Vi har då ytringsfridom i Noreg.

Og det er eigenleg synd, Meiner folk på Facebook utan sidespeil. Dei veit absolutt alt. Både kor viruset kjem i frå og kva ein skal gjere med det. Det blir blant anna hevda at vi treng diktatur for å bekjempe den nye fienden. I alle fall eit putinsk diktatur Kva no det måtte vere. Men ikkje eit erdogansk diktatur. For Erdogan er muslim, og islam er endå verre enn Korona ettersom muslimane planlegg å ta over Europa, inkludert både kristendom og humanetikk. Så dei håpar at Korona tar livet av flest mogleg. Dessverre for dei veit ikkje Koronaen forskjell på muslimar og kristne.

Og så har dei masse idear om kor viruset kjem i frå. Eigenleg eit resultat av forskning på kjemisk krigføring i Wuhan, som ved eit uhell slapp ut. Viss det då ikkje er sluppe ut bevisst for å få makt. Vi ser jo no at landet seilar opp som det nye USA ettersom Trump totalt har feila. Viss det då ikkje eienleg er laga i nettopp USA under Obama og Clinton fordi dei ikkje likte/er Trump. For Trump er ufeilbarleg. Det er også kome fram at det ar laga av universitetsfolk frå UNN i eit skjult laboratorium under Storåsen og så seld til Kina. Skjønt akkurat den påstanden på FB var kanskje ikkje heilt seriøs. Det er derimot og tilsynelatande tankane om USA og Obama.

Nei, det er ikkje greitt når vitenskapsfolk, juristar og folk flest ikkje blir einige. Kanskje har dei som går inn for diktatur, rett. Det ville spare oss for nettopp forvirring. Eller?

Eg trøyster meg med at eg i alle fall ikkje er forvirra når det gjeld namnet. Korona betyr krans eller krone og er det yttarste laget i atmosfæren til sola (og dei fleste stjernene). Det lærte eg som geografilærar. Og det er ei god trøyst når eg går i byen og lurer på kor dette skal ende.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken