Hardanger Folkeblad: – Det har gått jamt og trutt. Eg fekk ein boost etter saka kom på trykk i avisa, og etter at eg oppretta ei facebookgruppe, fortel Heine, og legg til:

– No er det ingen tvil om at folk veit kva eg driv med, seier han og ler.

Han kan i alle fall slå fast at utvalet hans har vore populære julegåver.

– Har du fått nokon reaksjonar etter artikkelen i desember?

– Ja, eg har jo det då. Eg har fått nokre kommentarar her og der, men det har ikkje vore negativt, seier han og fortel at han ikkje har fått meir stygge blikk enn til vanleg.

Han trur folk hovudsakleg synest det er litt morosamt, og fortel at det vert ein del spørsmål.

– Etter kvart kjem folk snikande og lurar på kva eg har.

Fleire har òg vist interesse for eit nytt dildoparty, men det er gjerne medan dei er berusa.

– Det er litt vanskeleg for ein skjeggete mann i 30-åra å halde dildoparty for ein gjeng med damer, slår han fast.

På spørsmål om det vert januarsal, svarar Heine at han no skal offshore på jobb.

– Eg trur ikkje eg tek med meg noko ut der. Eg har fått førespurnader om det, men det kan bli litt kleint i tryggleikskontrollen, avsluttar han.