Sosiale medium? Lurer på kor ordet kjem i frå. For i mine auge er dei ikkje mykje sosiale. Snarare tvert om. Men omgrepet er no ein gong kome og innarbeidd, så eg får vel svelgje den falske sjølvkjensla og vedgå at eg har hamna på feisbukk. Og ikkje berre det, der har eg kome inn i diverse grupper, alt i frå gamle Ballangen til det som er mykje verre og der ein del debattantar ikkje er i stand til å opne den elektroniske kjeften sin utan å kaste dritt. Så eg har for lenge sidan oppdaga at eg er historielaus og født idiot. På den andre sida er eg ikkje lenger politikar, så det stemmer sikkert. Berre så du er klar over det, hr. Redaktør.

Problemet med dei såkalla sosiale media er at dei flyt over av konspirasjonsteoriar og dumme kommentarar. Spørsmålet er berre kva som er konspirasjonar og kva som er sanning. Sikkert er det likevel at det som for nokre er det eine, vil for andre vere det motsette. Ser vi på Elveparken for eksempel er dette openbert. Men er det ein konspirasjonsteori at Narvikgården er betalt/pressa av Kiwi for å øydeleggje området med endå ein kolonialbutikk?

Sjølv er eg redd det er sanninga. Dessverre. Og då skjøner Fremover tydeleg ikkje kva mellom anna Taraldsvik Vel har lagt fram. Men ein skal vel ikkje vente all verda av ei lita lokal partiavis med ein ung og pengeglad redaksjon. Men håpet om redning av Elvedalen lever vidare.

Og DET er i alle fall sanninga!!