Langtidsplan utan ambisjonar

Av
DEL


Leserbrev8. mai feira Noreg 75-årsjubileum for fridomen etter 2. verdskrig. Det bør minna oss på at trugsmål me ein dag ser på som utenkjelege brått kan vere røyndom den neste. Slik var det i 1940, me vonar det aldri vil skje igjen. Men som ei forsikring i kriser som kan oppstå har Noreg eit forsvar, dyktige kvinner og menn som er klare til å stille opp for fridomen når det trengs. Det er vår oppgåve som folkevalde å setje dei i stand til å gjere den jobben på best tenkjeleg måte.

Etter å ha lese framlegg til Langtidsplan for Forsvaret kan ein spørje seg om regjeringa trur på si eiga problembeskriving. Regjeringa skriv følgjande: «Noreg står i dag og i åra framover ovanfor ein ny sikkerheitspolitisk situasjon. Ikkje sidan slutten av den kalde krigen har Noreg og våre allierte stått ovanfor eit slikt omfang av samtidige sikkerheitsutfordringar – mot staten, samfunnet og individet».


Sett i lys av dette står regjeringa sitt svar på korleis me skal sikre tryggleik i Noreg til karakteren stryk. Svaret er ein plan som flatt vidarefører den inneverande langtidsplanen utan vidare kapasitetsauke for Forsvaret dei neste fire åra. At ein prøver å skjule dette gjennom å legge fram ein operativ plan for åtte år, der all vekst kjem etter 2024 gjer ikkje saka betre. Går ein inn og justerer for auka valutakostnader i høve store investeringar frå utlandet, til dømes nye F-35 jagarfly og nye overvakingsfly vil ein sjå at auka i budsjettet vil knapt dekke ei flat framskriving av dagens Langtidsplan.


Personellmangel er gjennomgåande i alle forsvarsgreiner i dag. Tillitsvalde fortel at arbeidsbyrda på soldatar og personell er svært høg. I Langtidsplanen legg regjeringa opp til å auke talet på tilsette med 500 den første fireårsperioden. Det er langt frå tilstrekkeleg. Etter 2024 foreslår regjeringa å auke med ytterligare 2000 personell. Kvifor kjem ikkje auka før?


Det er tydelig at regjeringa vegrar seg for å ta på seg det økonomiske ansvaret for nye kapasitetsauke på si vakt. Stridsvogner skal skaffast frå 2025, langtrekkande presisjonsvåpen til Hæren tidligast 2026. Vidare blir det i regjeringa sin plan lagt opp til at Noreg som einaste land med moderne hær, ikkje skal ha dedikert helikopterkapasitet.


Sjøforsvaret treng ei styrking og ein skulle kunne forvente at regjeringa i denne langtidsplanen hadde lagt fram ein investeringsplan, der ein kunne ta stilling til kva fartøystruktur ein skal ha. Men som på alle andre områder, dette skal skyvast på til 2024.


Langtrekkande luftvern som Forsvarssjefen har vore svært opptatt av, blir ikkje prioritert av regjeringa. Dette betyr at Forsvaret på kort og mellomlang sikt, vil ha mangelfullt vern mot trugsmål frå langtrekkande presisjonseld. Regjeringa skriv at på lengre sikt planlegg ein å innføre langtrekkande luftvern. Om det blir i 2030 eller 2060 er heilt uvisst.


Forsvarssjefen skriv følgjande i sin kommentar til Langtidsplanen: «Planen skyv sentrale fornyingar av militære kapasitetar og oppbemanninga av Forsvaret ut i tid. Dette gir auka risiko for vår operative evne dei næraste åra». Han kunne ikkje sagt det klårare. Dersom planen frå regjeringa blir vedteke utan kraftige forbetringar frå Stortinget, har Forsvaret vårt dei komande åra «under begrensa evne» til å forsvare heile landet. Det er alvorleg.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags