Gå til sidens hovedinnhold

Dei aller fleste er vel samde om at namn skal skrivast og uttalast korrekt

Artikkelen er over 5 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dei aller fleste er vel samde om at namn skal skrivast og uttalast korrekt. Det gjeld både personlege namn og geografiske namn. Likevel er det overraskande at folk som ein skulle tru visste betre forvanskar lokale stadnamn som til dømes Djupvik. I Fremover for 5. sept. har Per Bjerke eit innlegg på debattsidene om «Avfall og sånt!» der han konsekvent kallar Djupvik ved Rombakksveien for Dypvik. Så dagen etter har eigedomsmeklarane Jenssen og Bolle ein salsannonse for eit hus i Jevika/Dypvik i Kjeldebotn. Veit ikkje Per Bjerke og Jenssen og Bolle at begge stadane heiter Djupvik? Det er eit gamalt eigenamn som må respekterast og som ingen har rett til å endre. Men kanskje dei synest at Djupvik og andre geografiske namn som til dømes Straumsnes, Likkjetinden og Storvatnet (alle små og store vatn i Ofoten heiter nettopp det frå gamalt av og ikkje ....vann som nokre byfolk seier)er for norske, for ikkje å seie nynorske? Kva då med namn som Kjeldebotn og Sjursheim. Kan vi risikere å få desse namna omset til Kjeldebunn og Sjurshjem?

Bestill Fremover+ i 8 uker for kun 99,- og få tilgang til alt digitalt innhold

For fleire år sidan etter at Ankenes kommune på udemokratisk vis (utan folkerøysting) blei innlemma i Narvik, var det nokre byfolk som tok til å kalle Straumsnes for Strømsnes, og framleis er det nok ein og annan som ikkje vil respektere det originale namnet. Hadde det ikkje vore for far min som slo ned på dette og andre geografiske namneforvanskingar her og rundt om i landet, så hadde vel Vegvesenet sett opp skilt med det slappe namnet Strømsnes slik at få i dag hadde vore klar over at namnet var ei forvansking - for ikkje å seie fordansking. For øvrig gjeld det same for Straumsnes i Gratangen. Dessverre er det nokre der som har tatt til å kalle staden for Strømsnes. Kva står det på namneskiltet i vegkanten tru?

Følg Fremover på Facebook og få siste nytt først

Når eg først er inne på dette emnet om stadnamn vil eg nytte høve til å minne om at samansette namn som til dømes Skjomveien, Skjomfjella og Skjombrua mister endinga en i Skjomen på same måte som Ofotfjorden, Lofotfisket og Ballangsmarka. Takk til Fremover som no stort sett etterlever dette, men det tok mange år og fleire innlegg før dette blei standard.

Hold deg oppdatert uansett hvor du er. Last ned Fremovers app og få varsel på mobilen om blant annet store nyheter, trafikkulykker og stengte veier i regionen.

App for iPhone

For Android

Kommentarer til denne saken