Til våren skal tilleggsavtalen mellom Noreg og USA om forsvarssamarbeid opp i Stortinget, ein avtale som går ut på oppretting av fire amerikanske basar («omforente områder») i Noreg. Høyringssvar frå Besteforeldrenes klimaaksjon Arktis, Tromsø og omegn, har sendt eit høyringssvar til Forsvarsdepartementet:

Klima- og naturkrisa

Vi er eit lokallag av Besteforeldrenes klimaaksjon, med medlemmer i Troms. Besteforeldreaksjonen bygg på erkjenninga av at menneskeskapte klimaendringar og naturinngrep tar liv, og øydelegg livsmiljøet på kloden. Vi vaksne og eldre har eit ansvar. Besteforeldreaksjonen kjempar for eit trygt livsmiljø for kommande generasjonar. Det er vår forståing av tryggleik. Klima- og naturkrisa er den mest alvorlege krisa menneskeslekta har stått overfor. Ei global krise krev det motsette av militær opptrapping. Tryggleik blir muleg dersom landa satsar straks på forpliktande internasjonalt samarbeid, og då er nye militærbasar det siste vi treng. Dei vil bidra til å forverre krisa, ikkje motverke henne.

Klima er ikkje nemnt i avtaleteksten og høyringsnotatet, sjølv om det er kjent at militære aktivitetar både tar store naturareal og skaper store utslepp, og er blant dei viktigaste pådrivarane for klimaendringar. Dessverre er det enno ikkje blitt eit krav at militære klimautslepp skal rapporterast og inkluderast i internasjonale klimaforhandlingar. Vi viser her til høyringssvaret frå Internasjonal kvinneliga for fred og frihet, IKFF.

Demokrati

Besteforeldrenes klimaaksjon er ein frivillig, ideell organisasjon. Føresetnaden for alt frivillig miljøengasjement er at miljø- og klimapolitikken blir utforma demokratisk. Vi kan vere med å påverke. Dei planlagde amerikanske militærbasane, derimot, vil vere unntatt demokratisk norsk kontroll. Storting, regjering og sivilbefolkninga vil ha lite innflytnad på inngrep i landområda, havet og luftrommet, og på utsleppa av klimagassar.

To av basane er planlagt i Evenes og Ramsund i nordre Nordland og Troms. Basane blir i avtaleteksten kalla «omforente områder», som USA skal ha uhindra tilgang til, og rett til å bruke saman med norske og andre allierte styrkar, «med mindre det er særskilt avtalt at amerikanske styrker skal ha rett til eksklusiv tilgang til og bruk av deler av områdene.»

Avtaleforslaget slår fast at USA «vil respektere relevante norske lover om miljø, folkehelse, herunder veterinære og plantesanitære forhold…Partene er enige om å ha en forebyggende heller enn en reaktiv tilnærming til miljøvern, folkehelse og sikkerhet..» Det verkar i og for seg lovande, men avtalenotatet frå regjeringa Solberg gjer klart at det er forskjell på å respektere reglar og å følgje dei: Avtalen er inngått «med full respekt for norsk suverenitet, norske lover og folkerettslige forpliktelser. I dette ligger en forpliktelse til å følge norsk regelverk, likevel slik at USA ikke anser denne forpliktelsen som gjeldende der det ikke er forenelig med amerikanske tjenstlige behov» (vår uth.).

Basane

Uttrykket «omforente områder» kan gi inntrykk av ei geografisk avgrensing. Men det dreier seg om basar for kampfly og ubåtar, med svært stor rekkevidde. Avtalen slår fast at Noreg kan tillate at fly, skip og køyretøy som amerikanske styrkar brukar, får reise inn og ut av norsk territorium og flytte seg fritt i territoriet – altså amerikansk militærtrafikk utan restriksjonar i heile Noreg. Unntaka er Svalbard, Jan Mayen og Bouvetøya. Dessutan skal norske styresmakter legge til rette for at amerikanske styrkar får tilgang til, og får bruke, offentleg og privat eigedom og fasilitetar: vegar, hamner og landingsplassar utanfor det «omforente» baseområdet; alt utan å betale. Dette vil underminere norsk suverenitet i heile landet, og konsekvensane for miljø og klima vil blir store.

Basen på Evenes blir bygd for kampfly av typen F-35. Uttrykket «omforent» må bety at det norske forsvaret kjøper flya i samsvar med amerikanske militære føringar og behov. Noreg kjøper 52 slike fly av USA for svimlande summar. Flya lagar så ekstrem støy at dei utgjer både eit alvorleg helseproblem og eit alvorleg klimaproblem. Frå årsskiftet overtar F-35 NATO-beredskapen i nord, som F16-flya i mange år har hatt ut frå Bodø. Kva tid som helst skal desse kampflya kunne gå på vengane, når uidentifisert aktivitet blir oppdaga i nærleiken av norsk luftrom.[1]

Evenes er som kjent også sivil flyplass for befolkninga i Sør-Troms og nordre Nordland, med nær 800.000 passasjerar i året. Støyen frå kampflya har ført til at Widerøe vurderer å slutte å bruke Evenes lufthamn. Kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll uttrykker alvorleg bekymring, fordi passasjerane og dei tilsette risikerer å få varig høyrselsskade etter berre ei eksponering. Også SAS har måtta halde tilbake passasjerar i fly på grunn av risikoen.[2]

Miljøet

Utbyggingane på Evenes er komne langt. I eit stort område er natur- og kulturlandskapet borte. For befolkninga reiser det seg mange spørsmål: om faren for høyrselsskade på barn og vaksne, om muleg erstatning, og om reindrifta kan ha reell innverknad på dei militære planane. Det er spørsmål om risikoen for forureining, om verknadane på tamme og ville dyr, og på dei sårbare økosystema i naturreservata rett ved utbyggingsområdet.[3]

Besteforeldrenes klimaaksjon Arktis samarbeider med NAM – Nei til atomdrevne militærfartøyer. Vi erfarer bekymring og harme i befolkninga over at Grøtsund sivile hamn i Tromsø blir hamn for amerikanske atomdrivne ubåtar. I høyringssvaret peikar NAM på at Grøtsund og dei to planlagde basane vil utgjere tre store militære mål i dei tettast befolka områda i Nord-Noreg. I tillegg vil Forsvaret opprette åtte store skytefelt i fjordane og på kysten av Finnmark.

Konklusjon: avvis forslaget

Vi ønskar eit godt og trygt livsmiljø for dei som veks opp. I dag ser det ut til at tryggleiken og miljøet i nord blir ofra for ei meiningslaus militær opptrapping, og det skjer fort. Vi kan ikkje vere med på det. Besteforeldrenes klimaaksjon Arktis avviser tilleggsavtalen om forsvarssamarbeid. Vi håpar flest muleg gjer det same.

[1] Forsvarets Forum 30.11.2021.

[2] NRK 24.11.2021. Forsvarets Forum 30.11.2021.

[3]Sjå Forsvarsbygg: https://www.forsvarsbygg.no/no/vi-bygger-og-drifter/byggeprosjekter/evenes-flystasjon/sporsmal-og-svar/