Ola Teigen blei offer i eit brutalt press og i eit kynisk spel

Av
DEL

LeserbrevI desse dagar er det 50 år sidan Ola Teigens tragiske bortgang. Ola Teigen var ein lynande begava politikar frå Narvik. Han var leiar for Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon, AUF, i siste del av 60-talet, og mange såg på han som kronprinsen i Arbeidarpartiet.

På denne tida, under den kalde krigen, var det ein intens maktkamp mellom Sovjet og USA, der begge stormaktene, gjennom sine etterretningsorganisasjonar KGB og CIA prøvde å få eit tak på AUF. KGB hadde ein agent i ungdomsorganisasjonen, og det ble avslørt at AUF tok imot pengar frå CIA. Teigen måtte gå av som formann og fekk skulda for at han ikkje hadde klart å stoppe CIA-infiltreringa. Teigen blei offer i eit brutalt press og i eit kynisk spel som splitta laget og øydela AUF på denne tida.

Jens Stoltenberg har sagt at for mange av dei som opplevde denne epoken, blei det eit livslangt mareritt. For Ola Teigen blei det død for eiga hand. Olas far, tidlegare varaordførar i Narvik, Petter Teigen, gjekk hardt ut mot den ukulturen som rådde i Abeidarpartiet på denne tida og som måtte ta skulda for det som hende med sonen.

For Reiulf Steen, mangeårig formann for Arbeidarpartiet, blei tapet av perlevennen ein tragedie i hans politiske liv. Eit politisk talent av stort format og ein nær venn var ikkje meir. Dei hadde delt store felles kunnskapar bl.a. i utanrikspolitikk. Men vennes bråe død blei også ei truande påminning om kor umenneskeleg om omsynslaust eit liv i toppolitikken kunne vere. I gravferda sa Reiulf Steen desse minneorda om vennen Ola Teigen:

«Fra det tidspunkt Ola Teigen var klar over at han tilhørte et samfunn, tilhørte han også arbeiderbevegelsen. Det var ikke kjølige, intellektuelle overveielser som brakte ham dit. Nesten fra han var et barn, var han med følelser, tanke og sinn hjemme i arbeiderbevegelsen. Ola Teigen har vært beskrevet som en begavelse, et stort talent. Det er en riktig beskrivelse. Personlig har jeg knapt kjent noen som hadde ei så suveren evne til å mestre vanskelige situasjoner, i debatter, i komiteer og i store møter. Men når vi taler om begavelse, tenker vi som oftest på høy intelligens. Og Ola var meget intelligent. Likevel: Det var ikke intelligens som var det mest framherskende trekk hos ham – det var følelsene. Han reagerte ikke kaldt og nøkternt og kjølig når han sto overfor sosial urett, nød og fattigdom. Det var menneskene Ola Teigen ville møte gjennom sin politiske virksomhet. Hvordan kunne vi skape samfunnsforhold som gjorde det mulig for mennskene å utvikle det beste i seg? Dette er noe av forklaringen på hans sterke interesse for skole- og utdanningsspørsmål. Det var med denne lyse, optimistiske fremtidstro at han kastet seg inn i det sentrale arbeid i AUF, først som medlem av sentralstyret fra 1961, deretter som selvskreven formann fra 1964. Kanskje var det denne lyse livstro som ble hans største motstander. For selv skulle han få oppleve at politikken kan være hensynsløs og brutal mot mennesker.»

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags