Peer Gynt

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Av alle norske diktarar er Henrik Ibsen den som er best kjent i verda. Nest etter Shakespeare er Ibsen sine skodespel dei som er mest spelt. Millionar av tilskodarar har sett eit eller anna av skodespela hans og kjent seg knuga eller løfta av forkynninga hans. "Denne tordengud i menneskeskikkelse", har forfattaren Sigurd Hoel kalla han.

Den 9. oktober kjem Riksteatret til Narvik med "Peer Gynt". Dette dramaet er sjølve Standardverket i vår litteratur, og stykket har hatt eit rikare liv enn noko anna i vår bokheim. Det har vore ei sprudlande oppkome for festtalarar og for stortingsmenn. Eit fruktbart liv i parlamentarisk teneste, og til støtte for dei mest ulike standpunkt. Knapt nokon av Ibsens verk har det vore så mange meiningar om, og det vrimlar av ulike tolkingar og teateroppsettingar som også Riksteatrets framsyning vil vise oss.

Odelsguten Peer rømer frå kvardagslivet og fellesskapet med andre og gir avkall på den omsorga og det vernet som mora og Solveigs kjerleik gir han. Han let seg lokke inn i ei eventyrleg sanselaus verd med erotiske orgiar i Dovregubbens hall. Han realiserer ikkje seg sjølv, slik han lenge helst vil tru. Han oppløyser tvert om sin personlegdom gjennom ustanselege kompromiss, som etter kvart blir meir og meir lurvete og frynsete. Av Dovergubben har han lært å vere seg sjølv nok. Av Bøygen til å gå utanom. Å tilfredsstille eigne spontane "ønsker, lyster og begjær" er blitt målet i livet hans.

Ikkje berre erotikk, men og profitt dreg han bort frå det livet han burde leve. I Afrika-akta er det fælt å sjå kor rå og simpel han er blitt. Evna til å "gå utanom" har han utvikla til meisterskap, ja, han skryter jamvel av det. Han sel slavar i Afrika og gudebilde til Kina. Samstundes med gudebilda eksporterer han misjonærar, alt med god forteneste. Ved å la Peer hamne i Kairos galehus vil Ibsen vise oss at den utilslørte egoismen er unaturleg og uforeinleg med eit liv i menneskeleg fellesskap.

I den siste 5. akt kjem livsoppgjeret. Det går opp for han at det har vore eit anna eventyr i livet hans, eit liv som aldri blei realisert fordi han svikta den verkelege "prinsessa", Solveig. Det er noko gripande, djupt patetisk over den gamle Peer som i stigande angest jagar innover forbrende øydeland: Hans eige mislykka liv, der alt talar til han om tankar som ikkje blei tenkte, songar som ikkje blei sungne, tårer som ikkje blei gråtne, verk som ikkje blei øvde.

I dette skodespelet har Ibsen skildra noko som er allmenngyldig for nokon kvar. I godt vaksen alder vil mange spørje seg: Kvifor gjorde du det, istadenfor det som du skulle ha gjort? Du var ein egoist som heller skulle ha hjelpt og støtta andre.

Sjølvransaking, livsreknskap er eit tema som går igjen i mange av Ibsen sine drama. Som Peer blir Nora, i eit seinare skodespel, råka av den rystande opplevinga av å vere "ingen" . Ho smeller igjen døra for Torvald og går ut i verda for å "finne ut hvem som har rett, samfunnet eller jeg". John Gabriel Borkmann er eit spegelbilde av Peer i 4. akt. I sitt nest siste skodespel er Ibsen nådelaus mot hovudpersonen som i jakta på materiell suksess og driven av egoistisk makthug, øydelegg liv og lykke for to kvinner. Dette, og mange av Ibsens skodespel er påtrengande aktuelle i vår tid der privatisering og marknadsideologien har utfordra fellesskapstenkinga. Kapitalismen, dette "mangehodete uhyret" kjende Ibsen godt til, og han viste det for oss for 150 år sidan.

I dette suverene hovudverket i vår litteratur er det umogeleg ikkje å la seg bergta av versekunsten, fantasiflukten, humoren, norske folketypar og tradisjonar, men framfor alt: Menneskekunnskapen. Dramaet avspeglar mykje av det fargerike mangfald som er sjølve livet.

Kanskje hadde Ibsen, i all sin genialitet, også profetiske evner. Trump kan bli attvald som president den 3. november. Den framsynte Ibsen har spådd om dette skrekkscenario som vil ryste all verda. Ein vaktar i Kairos galehus seier til Peer: "Den absolutte fornuft avgikk ved døden i aftes kl.11". (3.nov.)

Vel møtt i Folkets Hus .

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken