Romjulsblogg

Hovudpersonen Jesus var ikkje berre Guds son, men ein person som gav folk håp om ei lysare framtid. Lat oss i desse koronatider og med all nauda i verda håpe, for ikke å snakke om be om, at han får rett. skriver Thor Johnsen.

Hovudpersonen Jesus var ikkje berre Guds son, men ein person som gav folk håp om ei lysare framtid. Lat oss i desse koronatider og med all nauda i verda håpe, for ikke å snakke om be om, at han får rett. skriver Thor Johnsen. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det er ikkje til å kome frå, denne jula har vore prega av ein viss pandemi. Kanskje og heldigvis ikkje for meg som nett no sit på ei snølaus øy i Lofoten og lurer på korleis eg skal kunne kvitte meg ved vektauken etter pinnekjøtt og ribbe og Tropisk Aroma og ... Samtidig veit eg jo at dette i den store samanhengen er eit luksusproblem. For eg treng verken bruke munnbind eller hente mat frå oppsparte middel. Som pensjonist har pandemien verken tatt frå meg jobben eller pensjonen eller gitt meg frykt for å hamne i respirator. Verken på Gravdal eller i Narvik. Skjønt nokon garanti har eg ikkje, sjølv om folk både her og i Narvik har vore flinke til å følgje reglane til både Høie og Erna.

Dessutan er eg så gamal at eg følgjer den gamle floskelen om å nyte dag for dag. For pandemi eller ikkje, eg har lenge konstatert at den jamnaldrande vennekretsen min har ein aukande tendens til å minke, både på grunn av flytting til ei eller anna lukka avdeling eller i verste fall(?) til ulike kirkegardar. Stormen i helgen bekymra meg altså ikkje i særleg grad. Eg har det bra. I motsetnad til folk i midtausten eller Afrika. Men det er ei anna historie.

Men så er det denne feisbukken då. Her blir det mellom anna hevda at pandemien eigenleg berre er ei spesiell utgåve av vanleg influensa og at folk alltid har døydd av slikt, spesielt vi gamlingar. Og då er det ikkje så farleg. Sjølv om dødstala rundt i verda fortel noko anna. Som grunngjeving blir dei forklart med at det ikkje er rare prosenten som døyr og at dødsårsaken anten er alder eller såkalla underliggjande sjukdomar. Eg trur neppe helsepersonell til dømes i Stockholm vil skrive under på det, men dei er jo svenskar.

Problemet mitt i denne samanhengen er imidlertid den haldninga denne besserwissermentaliteten har på FB. Han deler folk inn i grupper med ulik verdi. Nederst ligg dei med «underliggjande sjukdomar», for ikkje å snakke om «gamlingan». Desse to gruppene er det ikkje så farleg med, for dei skal jo døy likevel. Det viktigaste er at dei med trua på vanleg influensa får rett.

Og når vi snakkar om tru. Ho er visstnok på sterk tilbakegang i Noreg. No finst det jo mang slags tru. Vi har til dømes humanetikarane som etter kvart utgjer ein av dei største trussamfunna i Noreg. Dei har valt å tru på at ein ikkje kan tru på noko som helst. Litt av eit paradoks. På den andre sia har vi jo trusfridom i Noreg. Han gjeld også Jehovas Vitner og Guds Menigheit her i Lofoten. For ikkje å snakke om buddhistar og muslimar. Dei siste er imidlertid farlege. For i følgje dei førnemnde medlemmane på feisbukk er ikkje islam ein religion, men ein slags kommunistisk teori om maktovertaking. Faktisk verre enn FN som ellers er den store stygge ulven med tanke på framtida og i lys av den såkalla nasjonalkonservatismen som Sylvi Listhaug ikkje liker, men som ho samtidig er tilhengar av.

Men no har det altså vore jul, og vi har fråtsa i gåver og mat. Årets mørketidsblot som dei fleste av oss deltar i. Som vikingane. Men anten vi trur på noko eller ikkje, i vår tid er kristendomen og kristne ideal bakgrunnen for festen. Samtidig som dei peikar tilbake på tradisjonar, peiker dei også framover. For hovudpersonen Jesus var ikkje berre Guds son, men ein person som gav folk håp om ei lysare framtid. Lat oss i desse koronatider og med all nauda i verda håpe, for ikke å snakke om be om, at han får rett.

Så får Victor P og andre austlendingar her i byen tilgje meg at eg som gamal guttekorist brølte ein av dei finaste nye julesongane eg veit om, nemleg Trygve Hoffs fantastiske nordnorske julesalme mens eg vandra morgonturen langs tomme førstejuledagsvegar full av julestemning. Forhåpentleg var ingen i nærleiken.

Men for å tilfredsstille alle truande, uansett kva dei trur på, eg sluttar meg gjerne til den underdanige utsegna frå ein av figurane til Kjell Aukrust: Gud velsigne Vår Herre!

Ha eit forhåpentleg betre Nytt År

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken