Samisk konspirasjonsteori frå SV

Av

Konspirasjonsteoriar om samar ser no ut til å vera aksepterte i delar i SV òg. Før var det ytre høgre som lanserte slike teoriar.

DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Tre medlemmer i Narvik SV argumenterer i eit innlegg i Fremover den 5. juni mot at Narvik skal innlemmast i forvaltingsområdet for samisk språk. Eg skal ikkje ta stilling til sjølve saka om innlemming. Men eg vil kommentere argumentasjonen.

SV-medlemmene hevdar i innlegget sitt, direkte sitert: «en liten del av samene kan styre store bestemmelser gjennom bl.a konsultasjonsretten med departementet».

Kva meiner SV-medlemmene med at «en liten del av samene» har så stor makt? Det er Sametinget som har konsultasjonsrett med departementet. Meiner SV-medlemmene at det folkevalde Sametinget er «en liten del av samene»?

SV-medlemmene skriv at desse få samane blant anna («bl.a.») har stor makt på grunn av konsultasjonsretten. Det kunne ha vore interessant å høyre kva dette «bl.a.» står for. På kva samfunnsområde meiner SV at «en liten del av samene» kan styre store bestemmelser i Norge?

Mi personlege meining er at SV bør halde seg til saka om Narvik kommune skal melde seg inn forvaltningsområdet for samisk språk eller ikkje. I staden spreier SV-medlemmer her konspirasjonsfrykt som riv ned tilliten mellom folk. Det er ein uverdig måte å argumentere på.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken