Stopp galskapen, i alle fall i Taraldsvik

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Narvikgården er på mange måtar eit merkeleg lokalt fenomen. At dei primært tar seg av «gamle» Narvik, er greitt nok, ein kan ikkje vente at dei i Ballangsk tid skulle jobbe for Kaia i Tjeldebotn (som forøvrig er ein utmerkt stad). Vidare har eg ingenting i mot verken det fjerde hjørnet eller grushaugane i Fagernesfjellet (unnskyld, eg meiner sjølvsagt Narvikfjellet). Dei er forhåpentleg midlertidige utan at eg vil spå noko om kor midlertidig og kor mykje nyheisa vil løne seg i desse koronatider kor no lenge dei vil vare. Ekpertane, kven nå det er, er om kjent nokså usamde om det. I mellomtida kryssar eg fingrane og prøver å følge reglane frå Erna så godt eg kan, bl.a. ved å legge mine stadig kortare spaserturar til den forferdelege grøne Framneslia inkludert Mathildestien, Jakla og Galapagos.

For i Narvik er grønt ein farleg farge. Blant politikarane, Det er derfor dei har øydelagt Gulbrandsson Prk med barneghage og begtongbygg kalt skolar Det er derfor de redda Rema 1000 på Frydenlund frå riving på bekostning av diverse hagar i Tunnelveien. Det er derfor dei gav ein av dei finaste tomtene på Oscarsborg til ei heilt unødvendig kasse med Kiwi i stadenfor å late den gå inn som ein del prosjektet Fager....Narvikfjellet,

Det er i det heile tatt rart og ikkje særleg flatterande, kor prega (dels styrt) Narvikgården er av Daglegvarekjedene. Men utan eit grønt grunnsyn er det kanskje ikkje så rart. Så derfor ser dei ut (med visse unntak) til å ofre den grøne Elvedalen for å tene Kiwi. På den andre sia er jo mykje av arbeidet her gjort av ungdomar frå Kikinda, og dei er vi jo no av ulike årsaker for tida uvener med, så....

Dessutan kjem den verneverdige (?) fjøsen, på same måte som lasarettet og Slottet, som så mykje anna gamal historisk bebyggelse, inn under begrepet «riv skiten». Trist, men sikkert nødvendig. Og det er klårt, vi TRENG ein kolonialbutikk til i Taraldsvik.

Så no ventar eg spent på Eurospars ominnredning av det gamle flyplassbygget i Framneslia, Vi kan jo ikkje gjere skilnad på dei tre kjedene. Dessuten er parkeringsplassen der nede allereie klår. Det hadde forresten ikkje vore dumt med ein liten rimirevabutikk i naustområdet mot Kvitvika heller. Så ville vegen til badeplassen som rett nok forsvinn, bli utbetra og slik at dei busette i Kvitvika, som oss andre, slepp å sulte i hel.

Kjære Rune, stopp galskapen i alle fall i Taraldsvik.







Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags