Så veit vi det også. At det er svensk kapital som har finansiert nordnorsk jernbanedrift. Det er VG-kommentator Astrid Meland som skriv dette i avisa si 31. mai. Her hevdar ho at norsk distriktspolitikk i hovudsak er skapt av omsyn til Nord-Norge, at den kostar staten 12 milliardar i året, men at medisinen ikkje hjelper. Folk flyttar sørover, akkurat som i Nord-Sverige. Men der betalar staten nesten ingen ting, så «bakrusen» er i det minste gratis for skattebetalarane.

På journalistkurs før i tida lærte vi at landet vårt hadde både ein «stor» og «liten» distriktspolitikk. Den første var noko alle departement tok ansvar for. Den andre handla om tilskot, forvalta av eit par fagdepartement, når ingenting anna nytta. Meland nemner ikkje denne to-delinga med eit ord. Men det blir historielaust å påstå at norsk distriktspolitikk berre er 50 år, fordi det var i 1969 «den kom inn i partiprogrammene».

Historielaust blir det også når Einar Sørensen den 19/6 skriv i Nordlys at «Karakteristisk nok ble Ofotbanen bygget av svenske interesser», og meiner at svenskane 120 år seinare kanskje kan byggje og drive ei påtenkt Tromsbane.

Karakteristisk nok er dette feil, men Ofotbana er eit godt døme på den «store distriktspolitikken»; Eit gruveprosjekt som skapte økonomisk utvikling, arbeid og auka velstand i utkantane av to land. Men det vart bygd jernbaner også lenge før dette, og vi bør lese Åsmund Olavsson Vinje for å forstå kva dei skapte.

Med sine 42 kilometer vart Ofotbana fram til Riksgrensa bygd etter eit vedtak i Stortinget i 1896. Då den var ferdig hausten 1902 kosta den knappe 11 millionar. Over grensa der det var ca. 12 mil til Kiruna kosta Malmbanan den svenske staten knappe 30 millionar. Då oppstarten for dei enorme Kiruna-gruvene nærma seg, var dei to landa heilt samkøyrde om å overta dette prosjektet etter ein serie konkursar der britiske investorar hadde fått prøve seg, men feila.

Etter den tids målestokk var dette enorme investeringar, men i Noreg var det eit stort fleirtal for å ta dette løftet. I Sverige utløysta saka ei regjeringskrise, og det var berre så vidt båten bar for statsministeren. I Riksdagen var det sterke krefter som frykta at Ofotbana i kombinasjon med ei bane til Harparanda og vidare inn i Finland ville utløyse ein russisk invasjon vestover mot Atlanterhavet.

Sverige og Noreg tok også ansvar for kvar sin del då Ofotbane vart elektrifisert først på 1920-talet. Eit stort økonomisk løft, som vart kjapt nedbetalt aukande fraktinntekter. Tidleg på 1930-talet hadde den norske delen av bana betalt seg sjølv meir enn to gonger. Seinare kom titals milliardar i fraktinntekter som i 80-90 år gjorde Ofotbana til den einaste i landet som NSB tente penger på.

«Stor» distriktspolitikk var også dei castbergske konsesjonslovene frå 1917 som lovfesta at vertskommunar skal ha betaling i form av skattar, avgifter og andre goder for areal- og naturinngrep til kraftutbygging. På denne måten vart det enklare å få til politiske kompromiss mellom vekst og vern slik at det kunne skapast ny industri i nedslagsfelta til fossar og vassdrag.

Eit anna bidrag til den same historia var kriseforliket mellom DNA og Bondepartiet i 1934. Slik vart det skapt fleirtal for hjelp til nydyrking av eiga jord, til bygging av «Nygaardsvold-båtane» og ikkje minst til råfisklova som løfta 125.000 fiskarar ut av den trugande fattigdommen som banka på døra til stadig fleire av dei.

Etter krigen kom dei store hovedavtalane for jordbruk (1950 -) og fiskeri (1965-2004). Også desse var viktige reiskap i distriktspolitikken. Det som kan kritiserast er at dei mest kapitaltunge driftsformene både på land og sjø utnytta makta dei hadde i organisasjonane til å skaffe stordrifta fordelar som småbønder og kystfiskarar måtte betale for.

Lista kan gjerast lengre. På 1950/60-talet skulle forsvarspolitikken også skape gode lokalsamfunn og nye jobbar. Særleg i Finnmark var det viktig at det budde folk som NATO kunne forsvare. I den første oljepolitikken skulle konsesjonar på sokkelen «betalast» med ny industri på land. Med den nye havretten frå 1977 kom det nye fiskerigrenser, soner og fiskeriavtaler som skulle gje fiskeværa ei tryggare framtid.

Kanskje har den «store distriktspolitikken» sett si beste tid. Delvis fordi regjeringa prioriterer storby-regionane, sentraliserar offentlege jobbar og byggjer ned tilbod i utkantane. Men mest fordi politisk styring er blitt erstatta med frislepp av markedskreftene på stadig nye område, ofte omtala som «reformer».

VG sine skriveri om subsidiesluket i nord er typisk for historia om utkant-Noreg som avisene i hovedstaden berre MÅ minne oss om. At Ofotbana i over 100 år har vore den einaste lønsame i landet passar ikkje inn her. Så har vi den dagsaktuelle kampen om privatiseringa av Nordkapp og verdiar som blir flytta frå nord til sør. Den sterkaste av desse straumane sørover er likevel milliardoverskota frå havbruk. Store og små kvotebaronar i fisket kjem villig etter i dragsuget.

I framtida kjem tapping av verdiar frå geografisk periferi til økonomiske maktsentra til å handle energi og truleg også undersjøiske mineral. Vindkrafta er typisk for korleis dette kan starte med subsidiert statskapital før investorane får kontroll med dei verkelege store verdiane. Vi kan like å tru at vi har ein slags nasjonal kontroll med dette. Spørsmålet er om vi vågar å bruke den.

I mellomtida kan vi gjerne diskutere om rabattar på arbeidsgjevaravgifta fungerer eller ikkje, slik VG vil ha det til. Men vi har også subsidiar som i dagens situasjon stimulerer tilflytting og investeringar i storby-regionane. Her blir dei store byggjefestane og store gevinstar på bustadsalg stimulert av skattesystemet med 35 milliardar kroner i 2018; året med historisk lågt rentenivå. Med eit meir normalt rentenivå vil skattebetalarane som sit fastlåst ned nedbetalte hus i norske avkrokar få ein endå større rekning frå Erna og Siv. I denne raffinerte skattepakken handlar det om skattefrådrag for renter, skattefritak for salgsgevinstar og verdirabattar. Ordninga skapar både vinnarar og taparar, sosialt og regionalt. Grensene mellom kva som er nødvendig, spekulativt og grovt spekulativt er flytande.

I dag er denne subsidieringa ei viktig motmakt i norsk distriktspolitikk som VG ikkje skriv om. Eller er det kanskje dette Astrid Meland siktar til når ho etterlyser meir velferd?