Gå til sidens hovedinnhold

Tiårets viktigaste rettssak

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Akkurat no står slaget om me klarer å etterlate ein god klode til dagens unge. Om me ikkje lukkast må dei vakse opp med meir ekstremvær, artar som døyr ut og menneske som blir drivne på flukt. Klimasøksmålet som no er under behandling i Høgsterett kan bli eit historisk vendepunkt.

Klimasøksmålet handlar om at den norske staten bryt § 112 i Grunnlova, som gir alle borgarar rett til eit sunt og helsesamt miljø ved å tillate oljeleiting i Arktis. Forskarane er tydelege på at det er planlagt langt meir olje- og gassutvinning enn det som går overeins med klimamåla verda og Noreg har forplikta seg til. Dessutan er den sårbare naturen i Arktis under press, og eit oljesøl her vil vere katastrofalt for fisk, sjøfugl, sel, kval og andre dyre- og planteartar.

Ein hjørnestein i eit kvart demokrati er at domstolane kan kontrollere om politikarane følger lovene dei sjølv har vedtatt for å sikre rettane våre. Retten vår til eit sunt miljø er noko av det mest avgjerande for at me skal kunne leve gode liv i dag, og at barn og unge får moglegheita til dette i framtida. 4. til 12. november blir dette spørsmålet tatt opp i Høgsterett, og utfallet kan bli historisk for både miljøkampen i Noreg og internasjonalt.

Kommentarer til denne saken