Vi må sikre eldre sosial kontakt og besøk av pårørande

Av
DEL

Leserbrev

Koronapandemien har ført Norge ut i ei varsla helsekrise. Den offentlege debatten har til no vore dominert av mangel på smittevernutstyr, respiratorkapasitet, hytteforbod og næringslivet sine økonomiske tap. No er det på tide å lyfte blikket mot dei dette eigentleg handlar om. Vi må sjå på korleis vi tek vare på våre eldre under pandemien.

Koronapandemien rammer eldre menneske hardt. Eldre menneske har høg risiko ved smitte. Fleirtalet av koronadødsfalla skjer på sjukeheim. Smittevernarbeidet på institusjon har vore av varierande kvalitet. Det er stilt spørsmål ved om sjuke eldre under pandemien får god nok lindrande behandling og tilgang til sjukehusbehandling om dei treng det.

Helsedirektoratet har innført eit generelt besøksforbod for alle sjukeheimar. Når ein foreslo dette, forsto dei fleste at det var nødvendig for å verne om eldre sitt liv og helse. Spørsmålet er kor lenge det kan vare. Mange kommunar har praktisert besøksforbodet veldig strengt. No er det på høg tid å opne opp.

Eldre som bur på sjukeheim bur der i gjennomsnitt i to år. Sidan kan gå opptil to år til det vert utvikla ei vaksine, kan det bety at smitteverntiltak i Norge må vare like lenge. At skrøpelige eldre blir avskoren frå kontakt med ektefeller, barn og andre nære i veker, månader og kanskje år, er rett og slett ikkje akseptabelt. Det er feil. Hugs på at isoleringstiltaka er til for å verne dei eldre, ikkje straffe dei.

Det er ikkje nok med face-time eller «vinkemøter» frå vindauge eller nokre minutt med besøk ute med pleiarar som overvakar det heile. Eldre med demenssjukdom kan få det svært vanskeleg, når dei plutseleg ikkje lenger kan ha sosial kontakt med dei som dei kjenner aller best i livet sitt. Sjølvsagt må besøk regulerast i desse tider. Men det må la seg gjere.

Vi må heller ikkje gløyme dei eldre som bur heime eller i omsorgsbustad, kanskje aleine. Også dei lever no i stor grad av isolasjon, fordi mange er redde for å smitte dei. I slike situasjonar må vi lære å respektere dei eldre sine eigne ynskjer og vurderingar. I tida framover vil nok dei aller fleste dødsfall blant eldre skje på grunn av andre og naturlege årsaker, ikkje på grunn av koronaviruset.

På den daglege pressekonferansen til regjeringa førre måndag takka helseminister Høie ungdommen i ein mykje omtalt tale: Neste sommer finnes ikke når du er ung», uttalte han. Det er sant. Men dette gjeld også for dei eldre, med eit anna alvor bak. No er det på tide å sørge for at kommunehelsetenesta og skrøpelige eldre ikkje blir nedprioritert under helsekrisa som har ramma landet. Vi må sjølvsagt sikre institusjonar eit godt smittevernarbeid. Men det generelle besøksforbodet for pårørande må fjernast.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags