Vi norske husmenn har gått over til engelsk

Av
DEL

LeserbrevNordmenn er husmenn. Det har vi vore sida samlinga til Harald og Olav blei øydelagd av reformasjonen på byrjinga av 1500-talet og norsk språk blei dansk. I alle fall for overklassen som kunne skrive. Og der blei vi fram til 1814 då svenskane overtok og svensk blei overklassespråket. Rett nok dukka Ivar Aasen som skjønte at i alle fall kystnoreg snakka norsk. Men makta sat no Christiania og Stockholm, så.....

I oldtida då eg var ung, sa fleire i barndomsbydelen Finbekken «jag» i staden for det naturlege «æ» og vi var ikkje gamle før den svenske is-endinga blei vanleg. Altså f.eks kjendis og kompis. Og då vi blei gamle nok til å finne musikk på dei avanserte rørradioene, kva var det då vi leita etter bortsett frå radio Luxemburg? Jo, Sverige og Svensktoppen. Spesielt for oss med gods på Bjørnfjell blei helgeturane viktige fordi vi der lett fekk inn svensk radio (det var før norske politikarar trudde dei skulle vere glupe, og innførte DAB). Kanskje det var det som gjorde at vi i motsetnad til andre i puberteten faktisk så fram til helgeturane til fjells saman med foreldra våre? At nokre sure gamle hyttenaboar gjorde sitt beste for å rive ned antennene våre (slikt skulle ein ikkje ha på det uberørte fjellet) blei meir ei utfordring enn ei eigenleg plage. Og på Lapplandia knota vi svensk.

Men går vi litt tilbake i tid, til forrige århundreskifte eller der omkring, kan vi merke oss at den kjente irske forfattaren James Joyce var svært opptatt av vår eigen Henrik Ibsen og vurderte, for å kunne studere han nærare, å lære seg morsmålet til Ibsen. Altså dansk.

I våre dagar er det nok ikkje dansk eller svensk som gjeld lenger. Vi norske husmenn har gått over til engelsk. Det har ført til ein del overraskingar, for eksempel at både Hennes og Mauritz og ein av skobutikkane for sikkerheits skuld med det engelske namnet Shoeday, slett ikkje berre har drive med klede og sko, men også har satsa sterkt på hestar. I desse coronadagar har imidlertid den delen av drifta tydeleg gått dårleg ettersom dei no sel ut alle salane sine. Kva dei gjer med hestane, skal vere usagt. Men forhåpentleg ender dei ikkje opp som biff på Coop og Rema, men går lykkelege rundt i Håkvik eller andre stader. Skjønt hestebiff er faktisk godt!

Så har Europris eller noko sånt lansert flygande grisar (pigwings), og eg vedgår at det har eg aldri hørt om slike før. Men det kan sjølvagt skuldast at eg er filolog og manglar den rette kompetansen frå reallina. Verre er at diverse produsentar prøver å prakke på meg griser som er pult. Kor vidt det gjer smaken betre, skal eg ikkje uttale meg om, for…..Unnskyld, dei er visstnok ikkje pult, men pulled. Altså dratt, om det det betyr at dei er mishandla ved å bli dratt rundt omkring etter skinnet, skal vere usagt., men det kan jo også bety at dei er dratt, altså reist sin veg . Og i så fall inneheld vel innpakninga ikkje pork, men luft. Og det er strengt tatt direkte lureri.

Vidare er musekjøtt visstnok blitt pop. Men berre rullande mus, sjølvsagt. Eller Rollermouse, samtidig som gode gamle burgere er blitt cheesy eller juicy. Eller begge delar. Og smultringar eksisterer ikkje lenger. Hos Rema sel dei berre donuts.

No er eg for lengst kome over sjekkealderen, men eg merker meg at dagens ungdom ikkje lenger sjekker, dei berre dater.

Peppes på storsenteret vil ikkje vere dårlegare. Dei har glømt at dei faktisk også har norske kundar, så derfor dette: «Skinny people are easier to kidnap. Stay safe. Eat pizza!» Dessverre er eg etter kvart blitt for tung til å kidnappe, så eg holder meg unna pizza, I alle fall hos Peppes.

Til slutt lurer eg på kva torskeloin er, Coop! Men engelskkunnskapene min er sikkert blitt noko forelda.

No skal eg imidlertid setje meg på verandaen og ta eit glass lett og freeze brus. Have a nice day and be happy, Norwegian crofters!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags